Vegard Leikvoll Moberg har gjort ein solid vårsesong for Åsane i OBOS-ligaen. Osingen får plass på BT-lagets midtbane.
Vegard Leikvoll Moberg har gjort ein solid vårsesong for Åsane i OBOS-ligaen. Osingen får plass på BT-lagets midtbane.

Inne på Bergens beste lag

Medan Åsane har variert i prestasjonane, har Vegard Leikvoll Moberg vore stabilt god i heile vår. Difor er osingen er teke ut på BT's vårlag.

Bergens Tidende offentleggjorde torsdag eit samansett vårlag, basert på spelarar frå dei tre OBOS-liga-laga i bergensområdet - Brann, Nest-Sotra og Åsane.

Sportsredaksjonen i BT er kjappe med å konstatera at alle dei tre laga kunne gjort det betre denne våren, og at ein ved å ta dei beste spelarane frå kvart av laga, kanskje ville fått eit lag som hadde hevda seg betre enn Brann, som per dags dato er det beste av dei tre OBOS-liga-laga med sin fjerdeplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åsane ligg på 13. plass, og Nest-Sotra ligg heilt sist på 16. plass.

4-2-3-1-formasjon

For å samla dei beste OBOS-liga-spelarane frå bergenslaga har BT valt ein 4-2-3-1-formasjon. Her får Vegard Leikvoll Moberg plass som ein av dei to defensive spelarane på sentralmidtbanen. Osingens makker er Branns Bismar Acosta.

"Den lange, lyse fra Os har vært en svært viktig mann for Åsane. En duellsterk spiller som velger enkelt med ballen i beina. Perfekt til rollen han har", lyder omtalen frå BT-redaksjonen.

I same sak vert Åsane-trenar Kjetil Knutsen spurt om å kommentera vårsesongen til Leikvoll Moberg. Slik er dei gode skotsmåla frå Åsane-trenaren:

- Styrken til Vegard Leikvoll Moberg er at han aldri spelar ein dårleg kamp. Han er kanskje vår viktigaste spelar, limet i laget. Framleis har han litt å henta på å orientera seg tidleg, men han er ein ærleg og hardtarbeidande spelar.

På Tysnesfest

«Os og Fusaposten» lukkast ikkje med å få kontakt med Vegard Leikvoll Moberg fredag morgon. Ettersom me veit at han skulle på Tysnesfest i lag med nokre kompisar frå Os, har me stor forståing for at den elles så punktlege og seriøse spelaren no søv nokre timar lenger. Difor lét me Vegard få fred, og seier heller her: Grattis med ein flott vårsesong Vegard, og lukke til med haustsesongen!

Vårlaget i 4-2-3-1-formasjon:

Her er vårlaget til BT:

Keeper: Martin Sanchez Olsen, Åsane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgreback: Amin Nouri, Brann.

Midtstoppar: Jonas Grønner, Brann.

Midtstoppar: Vadim Demidov, Brann.

Venstreback: Martin Ueland, Åsane.

Defensiv midtbane: Vegard Leikvoll Moberg.

Defensiv midtbane: Bismar Acosta.

Høgre midtbane: Joakim Hammersland, Nest-Sotra.

Offensiv midtbane: Kristoffer Larsen, Brann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Venstre midtbane: Joachim Soltvedt, Åsane.

Spiss: Steffen Lie Skålevik, Nest-Sotra.