Oppturgjengen har hatt mange treningsturar til Linken. Søndag 8. mai lanserer klubben det nye motbakkeløpet Linken opp.
Oppturgjengen har hatt mange treningsturar til Linken. Søndag 8. mai lanserer klubben det nye motbakkeløpet Linken opp.

Inviterer til Os' råaste motbakkeløp

I 2016 har dei fått ansvaret for Liafjellet opp. Men endå råare vert det når Opptur Motbakkeklubb arrangerer Linken opp i mai.

Ikkje berre er dei blitt store i talet på medlemer. I 2016 vert Opptur Motbakkeklubb også ein stor arrangør av motbakkeløp.

- Interessa for motbakkeløp er no så stor her i Os at me ville få til endå eit rått løp her i bygda. Løysinga låg klar i dagen. Det måtte bli der me bruker å leggja nokre av våre vekentlege økter - frå Tøsdal til Linken, fortel Klas Færøvik i Opptur Motbakkeklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

30 prosent stigning

Løpet har alt fått plass på løpskalendaren i Noreg. Dagen vert søndag 8. mai.

- Dette blir eit heilt rått løp i norsk samanheng. På ein uryddig og steinete sti med heile 450 stigningsmeter på 2,2 km vert det ei utfording for nokon og ein kvar. Me håpar den råe løypa freistar mange sterke løparar til å prøva seg, seier Færøvik.

Løypa vil starta på den nye grusstien frå Tøsdal til Nordmarka. Derifrå vert det 500 meter med svak stigning før løparane møter fjellskråninga som eit sjokk.

Ole Norstad.
Ole Norstad.

- Me spring der til dagen, og kan skriva under på at det er utfordrande å halda dampen oppe i dei brattaste partia, seier Færøvik.

Han slit med å finna samanlikningar til andre kjente løp i Noreg.

- Det må jo vera Stoltzen opp, men der er det jo trappar. Her er det berre sti, seier dei to.

Håpar på eliteløparar

Med sitt gode kontaktnett til Noregs-eliten i motbakkeløping, håpar dei å få mange av dei beste til startstreken Tøsdal 8. mai.

- Me kan ikkje gå ut med namn enno, men folk som følgjer med på motbakkeløp skjøner sikkert kven me snakkar om når me seier at me håpar å få fleire av dei beste til å delta, seier Færøvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trur dei beste løparane vil bruka under 20 minutt på dei 2,2 km opp til Linken.

- Andreas Søfteland har sprunget på kring 17,30 frå der det byrjar å bli bratt, plussar me på nokre minutt for den første halvanna kilometeren er me nok der mange av dei beste vil landa, seier Færøvik.

Pengepremiar

Opptur Motbakkeklubb tel i dag ca 80 medlemer. Sjølv om mange av dei vil stå på som frivillige har Færøvik og Søfteland håp om at medlemene også vil stilla sterkt i sitt eige løp.

- Me må vel ha eit mål om at 30-40 av medlemene våre deltek. Det er viktig at me markerer oss godt når me er på heimebane, seier dei to.

I herreklassen og kvinneklassen vert det pengepremie til dei tre beste. Elles vert det premie til alle som deltek.

- For mange vil det vera ein prestasjon berre å koma seg til topps. Då skal dei også ha ein premie. Det skal me få til ved hjelp av litt sponsorar og slikt, slår Færøvik fast.