Konkurransen i helga er både distrikts-, lands- og elitestemne. Delar av arrangementet er kvalifisering til Oslo Horse Show. Her frå eit sprangstemne tidlegare i vår.
Konkurransen i helga er både distrikts-, lands- og elitestemne. Delar av arrangementet er kvalifisering til Oslo Horse Show. Her frå eit sprangstemne tidlegare i vår.

Inviterer til rekordstort stemne

Moldegaard Ryttarsportsklubb inviterer i helga til klubbens største dressurstemne nokosinne.

Konkurransen i helga er både distrikts-, lands- og elitestemne. Delar av arrangementet er kvalifisering til Oslo Horse Show.

I løpet av laurdagen og søndagen vert det totalt over 190 startar. Mange av ryttarane kjem langvegs frå. To av dei fem dommarane er utanlandske.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er eit stort arrangement, konstaterer styreleiar i ryttarsportsklubben, Kirsten Vik.

Ho legg til at omfanget på konkurransen ikkje berre er rekord for Moldegaard, men truleg for heile Vestlandet.

Stemnet er ope for publikum, og det vert servering i kafeen.

- Eit fint høve til å få eit innblikk i klubbens aktivitetar, seier Vik.