Sverre Lunde Pedersen går for medalje i EM i Heerenveen til helga.
Sverre Lunde Pedersen går for medalje i EM i Heerenveen til helga.

Jaktar sin første EM-medalje

Han har to VM-medaljar, men står utan edelt metall i EM. Det ønskjer Sverre Lunde Pedersen å gjera noko med.

- Du kan seia det enkelt. Målet er medalje, konstaterer Sverre på telefon frå skeisehovudstaden Heerenveen i Nederland tre dagar før EM-starten til helga.

EM-uttur

For EM har ikkje heilt vore osingens greie så langt i karrieren. Rett nok debuterte han med ein utruleg sterk sjetteplass i Colalbo i Italia så tidleg som i 2011, men etter det har det vore litt stong ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2014 vart det femteplass heime i Vikingskipet. Og i Tsjeljabinsk i Russland i 2015 var han berre få sekund frå å ta steget opp på pallen.

I fjor kom han seg ikkje på isen ein gong, grunna sjukdom.

- Det har ikkje gått heilt min veg i EM. Det positive er at det er lett å motivera seg for årets meisterskap. Eg har til gode å ta medalje, og det skal eg prøva å gjera noko med, seier Sverre bestemt.

Fin framgang

Etter ein litt trå start følte 24-åringen fin framgang i løpa før jul.

- Både i V-cupen i Heereneveen og under NM følte eg meir på det å ha overskot og friske bein. Også no i jula har eg kjent at ting stemmer bra, fortel Sverre.

Etter nokre forblåste dagar på Slåtthaug drog han til Stavanger og fekk trena under tak i Sørum Arena i slutten av juleferien.

- Det var godt. Det var ikkje særleg gode tilhøve på Slåtthaug, humrar han.

Etter å ha feira nyttårsaftan på Sandsli i lag med kjærasten Ingunn, bar det rakt til Nederland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kom hit på tysdag og trenar i skeisehallen her til meisterskapen byrjar for vårt vedkomande på laurdag. Det er godt å få eit par dagar på isen ein seinare skal konkurrera på, konstaterer osingen.

Fin heiagjeng

Når han startar meisterskapen laurdag føremiddag, har han godt med støtte på tribunen.

- Jaudå, det er alltid moro å gå i Thialf-hallen. Tettpakka med folk og høglytt stemning både frå norske og nederlandske supporterar.

- Men nokre supporterar står deg nærare enn andre?

- Jo, Ingunn og mamma og pappa skal sjå på. I tillegg har me ein god venegjeng frå Fana IL som vil støtta oss.

- Kven blir dine største konkurrentar i kampen om medalje?

- Det vert først og fremst Sven Kramer, Jan Blokhuijsen og Bart Swings, men det er også andre som kan melda seg på. Alt i alt blir det ein tøff konkurranse der små detaljar vil avgjerda om ein når opp eller hamnar utanfor pallen, slår Sverre fast.