Laget jublar for sigeren og for å ha blitt krinsmeistrar.
Laget jublar for sigeren og for å ha blitt krinsmeistrar.

Jentene blei krinsmeistrar: Avgjorde i siste minutt

– Det er nok mange som synest at vi er klysete og høge på oss sjølve og det eine med det andre, men ein ting kan ikkje folk ta frå oss: Jentene kjem til å bli utruleg gode om nokre år, seier trenar Ørjan Sandal.

Nore Neset/Os-jentene skal vera utruleg gode om nokre år, men dei viste i kveld at dei alt er eit sterkt fotballag. Nore Neset/Os J17 var tre poeng bak Fyllingsdalen før dei to laga møttest i kveld. Med siger,ville dei lokale jentene gå forbi på målskilnad. Det var bortelaget som opna best, og heimelaget verka nervøse i innleiinga.

– Dei sa i garderoben på førehand at dei var skikkeleg nervøse. Då sa eg at det berre er bra. Dei må læra seg å spela kampar der dei er nervøse. Dei må gjera fei log stressa og læra av feila for å utvikla seg, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skåra først

Det gjekk ikkje lang tid før Nore Neset/Os tok over føringa. Det første målet kom etter om lag 15 minutt spelt. Eit hjørnespark frå Helene Søviknes fann Andrine Brunvatne Kvittingen i boksen. Ho knuste alle i lufta og brukte kneet(!) til å setja ballen over keeper og i mål. Berre få minutt seinare var heimelaget nære på å dobla leiinga. Først ved Agathe Lekven, som skaut i stonga. Returen fall til Kvittingen, men keeper redda. Fyllingsdalen hadde eit hjørnespark som gjekk forbi alle i feltet og trefte stonga etter 25 minutt. Rett før pause var bortelaget frampå, og utlikninga var eit faktum. Eit flott innlegg frå høgre blei flukta vidare i lengste hjørne utakbart for Anne Nordvik i målet.

Avgjorde heilt på slutten

Etter kvilen var det bortelaget som opna best. Kring fem minutt ut i andreomgang tok dei leiinga på eit langskot. Nore Neset/Os måtte då ha to mål for å bli serie- og krinsmeistrar. Dei hadde ikkje tenkt å gje seg. Berre fem minutt seinare var dei på farten. Lenea Fløysand prikka eit fantastisk innlegg på hovudet til Kvittingen som hedda ballen i lengste hjørnet. Eit strålande mål av heimelaget. Supersupporter, Tore Kleppe, gjorde sitt for å få liv i det store publikummet som hadde samla seg under tak, for å gje energi til spelarane. Det så ut til at det heile skulle gå Fyllingsdalen sin veg, men då det stod att eitt minutt kom heimelaget i angrep. Ein flott pasning frå Helene Søviknes fann Linnea Fløysand heilt umarkert på høgrekanten. Ho kom åleine med keeper og gjorde ingen feil, og Nore Neset/Os J17 sikra tittelen.

Stor skilnad i alder

Jentene, som eigentleg er eit J15-lag, har imponert stort denne sesongen, og i kveld møtte dei eit veldig godt fotballag.

Lenea Fløysand sikra 3-2 i siste minutt.
Lenea Fløysand sikra 3-2 i siste minutt.
Andrine Brunvatne Kvittingen skåra 1-0-målet då ho knuste alle i lufta.
Andrine Brunvatne Kvittingen skåra 1-0-målet då ho knuste alle i lufta.
Jentene skal ha vore skikkeleg nervøse før kampen tok til. Her kunne dei jubla for 1-0.
Jentene skal ha vore skikkeleg nervøse før kampen tok til. Her kunne dei jubla for 1-0.
Andrine Brunvatne Kvittingen jobba på alt, og skåra to av måla i 3-2-sigeren mot Fyllingsdalen.
Andrine Brunvatne Kvittingen jobba på alt, og skåra to av måla i 3-2-sigeren mot Fyllingsdalen.
Agathe Lekven var nære på å gje heimelaget 2-0 med eit skot i stonga.
Agathe Lekven var nære på å gje heimelaget 2-0 med eit skot i stonga.
Det var mange som fann vegen til Nore Neset for å få med seg storoppgjeret.
Det var mange som fann vegen til Nore Neset for å få med seg storoppgjeret.
Lenea Fløysand var god på høgrekanten til Nore Neset/Os-laget.
Lenea Fløysand var god på høgrekanten til Nore Neset/Os-laget.
Trenar Ørjan Sandal var strålande nøgd med innsatsen til jentene.
Trenar Ørjan Sandal var strålande nøgd med innsatsen til jentene.

– Dei hadde med seg alle sine beste spelarar. Dei hadde fem jenter fødd i 2001, to fødd i 2003 og resten er 2002-jenter. Vi hadde med ei jente fødd i 2002, 13 fødd i 2003 og tre som er fødd i 2004. Skilnaden er ganske stor, seier Sandal og held fram:

– Det var ikkje eit mål for oss å bli serie- og krinsmeistrar, men det er sjølvsagt fantastisk kjekt – og spesielt kjekt sidan vi slår eit veldig godt fotballag.