Jentekvintetten med Smilte Bagdonaite, Synne Emilie Mjånes Tøssebro, Nora Blindheim Nøss, Hedda Stamnes Lindbom og Pia Lyssand var dominerande og gode i turneringsspelet onsdag.
Jentekvintetten med Smilte Bagdonaite, Synne Emilie Mjånes Tøssebro, Nora Blindheim Nøss, Hedda Stamnes Lindbom og Pia Lyssand var dominerande og gode i turneringsspelet onsdag.

Jentene "rula" på fotball-haustfesten

Fem fotrappe jenter markerte seg ekstra under turneringsspelet på «Hassans haustfest» onsdag.

Den unge jentekvintetten rulla opp det eine flotte angrepet etter det andre, og gjekk klart sigrande av banen i kampen som Os og Fusaposten var så heldige å få med seg.

Smilte Bagdonaite, Synne Emilie Mjånes Tøssebro, Nora Blindheim Nøss, Hedda Stamnes Lindbom og Pia Lyssand spelte strålande fotball i haustsola på Kuventræ - og det sjølv om dei hadde gutar med på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Trekkjer gutane ned nivået, eller går det greitt?

- Nei, dei seinkar oss litt, men...neida, dei er veldig gode dei to me har med. Me har eit kjempegodt lag. I dag vinn me alle kampane våre, seier Nora og Emilie.

- Så gode som de er, ser det lyst ut for damefotballen på Kuventræ.

- Takk for det. Me spelar i lag i Os no, og har vunne alle årets kampar. Men me skal bli endå betre med åra. Både som lag og som enkeltspelarar, seier Nora og Emile.

Full program

Fotballgruppa til Os Turn har vore svært aktiv som fotballskule-arrangør i skuleferiane dei siste åra. Årets haustferie er ikkje noko unntak. Denne veka samla dei 50 born frå ei rekkje idrettslag i Os til fotball-økter og spel og moro på Kuventræ. Arrangementet valde dei å kalla «Hassans fotballfest».

- Ikkje spør meg kvifor dei kalla det det. Det er jo Endre som har roa på arrangementet. Eg er berre med og hjelper til, seier ein lattermild Hassan El Fakiri i haustsola.

Endre Brenne hadde full kontroll på det meste.

- Det har gått slag i slag og både fotballskule-elevane og me vaksne kosar oss godt. Måndag hadde me temadag 1 mot 1-spel. Tysdag var det fokus på «Pass and move», og i dag er det leik, moro og turnering, fortel Endre Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kampar

Deltakarane i aldaren 8-12 år kom frå ei rekkje klubbar i Os.

- Dette er ikkje eit arrangement berre for medlemer av Os Turn. Her har me deltakarar frå Søre Neset, Nore Neset, Søfteland, Jadakameratene og Øyglimt, fortel Brenne.

Etter ein god oppvarmingsføremiddag delte han og medhjelparane elevane i to grupper - ei for dei i alderen 8-10 år, og ei for dei eldste, altså 10-12 år.

- No er det full turnering med fire lag i kvar av gruppene. Kvart lag får då tre kampar kvar, før eventuell semifinale, finale og bronsefinale, fortel Brenne.

I pausen onsdag var det full uteservering.

- No skal me kosa oss med hot-dog og saft. Det har me gjort oss fortent til, konkluderte jentekvintetten på veg til pølsefesten ved friidrettsbygget.