Fleire utøvarar frå Os Turn gjorde det bra under Pingvinlekene i helga, men Sofie Askvik Hausberg var den einaste som gjekk heilt til topps. (Privat bilete)
Fleire utøvarar frå Os Turn gjorde det bra under Pingvinlekene i helga, men Sofie Askvik Hausberg var den einaste som gjekk heilt til topps. (Privat bilete)

Jentene tok medaljane

Friidrettsgruppa til Os Turn deltok i helga i Pingvinlekene i Åsane. Fleire hevda seg bra, men det var jentene som tok medaljane.

Totalt 700 deltakarar var samla i Leikvanghallen i Åsane for å delta i Pingvinlekene i helga. Friidrettsstemnet, som vert arrangert av Gneist IL, er blant dei største innandørsarrangementa i landet.

Klubbrekord

Os Turn stilte med 12 utøvarar. Fleire sette flotte, personlege rekordar. Tre utøvarar enda med medalje. Sofie Hausberg gjekk heilt til topps i lengde i klassen for jenter 17 år. Med eit hopp på 5,06 var ho klart best.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sofie sprang også 60 m. Med tida 8,75 vart ho premiert med bronsemedalje.

Begge resultata var personlege rekordar for Sofie.

Michelle Askvik Gassmann, også ho 17 år, tok andreplass på 200 m med tida 27,96. På 60 m vart det bronse med sterke 8,42. Dette er ny klubbrekord for Os Turn med elektronisk tidtaking.

Marie Haustein sette pers i tre øvingar: 60 m, 200 m og i lengde. Beste plassering fekk ho i lengde. Med 4,08 enda ho som nummer fem.

Tuva Olsen Klyve tok tredjeplass i høgde i klassen for 13 år. Ungjentas beste resultat vart 1,25 m.

Resultat for Os Turns utøvarar:

Gutar 12 år:

Jonas Kvammen Hjellvoll, niandeplass på 60 m med tida 9,60.

Gutar 13 år:

Jonas Bergen, 23. plass på 60 m med tida 10,85.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gutar 14 år:

Isak Skåtøy, 19. plass på 60 m med tida 9,26 og 10. plass i lengde med 3,84 m.

Jenter 12 år:

Frida Fredriksen Stang vart nummer 12 på 60 m med tida 9,85. Julie Hjartholm Foer tok 22. plassen med tida 10,76.

Frida vart nummer sju i kule med eit støyt på 5,88 m.

I lengde vart Frida nummer åtte med eit bestehopp på 3,51.

Julie hoppa 3,24 og vart nummer 16.

Jenter 13 år:

Nicola Ludwig vart nummer fire på 1.500 m med tida 6,09,33.

Tuva Olsen Klyve tok tredjeplass i høgde med eit hopp på 1,25.

Thea Olsvold Hausberg vart nummer fire i kule med eit støyt på 7,98. I lengde vart ho nummer 17 etter eit hopp på 3,335.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jenter 15 år:

Malin Dale hoppa 3,72 i lengde og vart med det nummer seks.

Jenter 16 år:

Maria Haustein vart nummer fem i lengde med eit hopp på 4,08. På 60 m sprang ho på 9,42 og vart dermed nummer 10.

Jenter 17 år:

Micehlle Askvik Gassmann vart nummer tre på 60 m etter å ha sprunge i mål til tida 8,42. Michelle vart nummer to på 200 m med tida 27,96.

Sofie Olsvold Hausberg vann lengdekonkurransen med eit hopp på 5,06. På 60 m vart Sofie nummer åtte med tida 8,75.