Birgitte Maaseide og Maria Åsmul fekk berre éin treningsøkt saman før turneringa. Det var alt dei trengte for å spela seg til gull i NEVZA Beach U17 i Sverige.
Birgitte Maaseide og Maria Åsmul fekk berre éin treningsøkt saman før turneringa. Det var alt dei trengte for å spela seg til gull i NEVZA Beach U17 i Sverige.

Jobba knallhardt og sikra seg gullet

Nesten heilt tomme for energi, klarte Maria Åsmul og makker Birgitte Maaseide å sikra seg gull i NEVZA Beach U17.

– Varme og vind var ei utfordring gjennom heile turneringa, men særleg på finaledagen tysdag. Etter semifinalen var vi veldig slitne, men heldigvis klarte vi å samla nok energi til å vinna, seier Strandvik-spelar, Maria Åsmul (16).

Tevlinga gjekk føre seg på stranda i Tylösand i Sverige. Maria og Birgitte hamna i gruppe med tre lag, eitt frå Noreg og dei to andre frå Sverige og Finland. Det blei siger i alle kampane. Som puljevinnar gjekk dei rett til semifinalen kor dei på ny møtte eit norsk lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var den tøffaste kampen. Vi vann til slutt 2–1. I finalen spelte vi mot finnane vi møtte i gruppespelet. Vi vann med settsifra 21–18 og 21-16, fortel Maria.

Aldri spelt saman før

Det som gjer gullet ekstra imponerande, er at Maria og Birgitte aldri har spelt saman før.

– Vi er gode venninner, men har ikkje spelt saman tidlegare. Vi hadde vår første treningsøkt dagen før turneringa starta, seier Maria og legg til:

U19-spelarane Eirik Åsmul og Ivar Andersland vart best av dei norske gutane med 4. plass.
U19-spelarane Eirik Åsmul og Ivar Andersland vart best av dei norske gutane med 4. plass.
Markus Mol og Samson Olsen vann puljen sin og hamna til slutt  på 6. plass i U17-klassen.
Markus Mol og Samson Olsen vann puljen sin og hamna til slutt på 6. plass i U17-klassen.

– Vi jobba hardt på den treninga for å bli samspelte. Det var kjekt å spela med ho.

No ser Maria fram til Noregsmeisterskapen som finn stad i Oslo neste veke. Då skal ho spela med Strandvik-makker Terian Kaelo.

– Vi er med i både U17- og U19-klassen. Det er mange gode lag i NM, særleg i U19-klassen, og dei er som regel større enn oss. Vi må berre spela godt saman, så kan alt skje, seier 16-åringen.

Jaktar nytt gull

Det var fleire lokale spelarar med i turneringa i Sverige. Eirik Åsmul frå Eikelandsosen spelte saman med Ivar Andersland frå Stord i U19-klasen. Duoen vart best av dei norske gutane. Etter det som skal ha vore ein svært spennande og velspelt bronsefinale, vart det til slutt 4. plass på Åsmul og Andersland.

Markus Mol frå Strandvik spelte saman med Samson Olsen i U17-klassen. Duoen hamna til slutt på 6. plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vann puljen og spelte bra. Deretter møtte vi eit anna norsk lag. Det blei ein jamn kamp som vi til slutt tapte. Veldig skuffande, seier Markus.

Strandvikaren skal også tevla i NM neste veke. Då saman med kompis Magnus Tuft Soltvedt.

– Vi går for gull. Magnus og eg kjenner kvarandre godt. Kort tid etter at eg flytta attende til Strandvik, vann Magnus og eg NM-gull saman i U15. Vi har spelt saman i fleire år. No går vi for NM-gull nummer to, seier Markus.