Berit Høgheim; Oddbjørg Bjørndal ; Hanne-Elise Fosse og Sonja M. Skotheim.
Bakerste rekke fra venstre: Ivar Milde; Jan Erik Lohne; Sigrun Lohne; Marit Milde; Jan P. Fosse; Pål Skotheim;Rune Høgheim og Vigdis Bakkane.
Berit Høgheim; Oddbjørg Bjørndal ; Hanne-Elise Fosse og Sonja M. Skotheim. Bakerste rekke fra venstre: Ivar Milde; Jan Erik Lohne; Sigrun Lohne; Marit Milde; Jan P. Fosse; Pål Skotheim;Rune Høgheim og Vigdis Bakkane.

Jubileumsutgåve sprang Holmenkollstafetten

Lysekloster ILs jubileumsutgåve frå 1991 stilte i helga 25 år klokare og like spreke (!) til ny Holmenkollen-stafett.

- Laget var jubileumsutgåva frå 1991. Den gong stilte LIL med eitt dame- og eitt herrelag. 2016-utgåva stilte i mix-klassen for drifts- og mosjonslag, fortel Pål Skotheim og held fram:

- I 1991 var vi 15 ektepar som deltok frå idrettslaget. I år var vi 7 damer og 8 herrar, blant desse sju ektepar, med ein snittalder på nærare 62 år kom alle gjennom etappane sine utan å mista korkje stafettpinnen, fotfeste eller seg sjølv på vegen. Flott gjennomført av ein sprek gjeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vårens vakraste eventyr

Holmenkollstafetten, også kalla "Vårens vakraste eventyr", har lang tradisjon. Løpet fordeler seg på 15 etappar i Oslo, med start på St. Hanshaugen og mål på Bislett Stadion.

I år deltok 2.660 lag og godt over 39.000 løparar.

- Vi lada opp med restaurantbesøk fredag kveld, på Mr. Hong, same staden som i 1991 og med same menyen, smiler Skotheim.

Med LIL blant dei 90% beste laga i gruppa (1310 lag) , var veterangjengen fra Lysekloster svært nøgd når stafettpinnen blei levert inn litt før kl 18.30 lørdag kveld.

- Det vart ei fantastisk helg i strålande vårver, der det sosiale stod i høgsetet. Søndagen nytta me til tur til operaen og Akershus festning, fortel Skotheim.

Han legg smilande til at turen sjølvsagt var finansiert i sin heilskap av den enkelte deltakar, så ingen - korkje reiseleiar eller deltakarar - har problem på førespurnad å leggja fram reiserekninga for skattestyresmakter.