Klare for pubintervju: Brynjar Øvstedal og Tore Kleppe bidreg med det dei er best på – entusiasme og sjarm.

Julesendinga frå Lyngheim: Smakfull blindtesting med Brynjaren og Kleppe

Os & Fusapostens julesending frå Lyngheim kl 20 i kveld, byr på mange flotte gjester. Blindtesting av juledrikkar er det Brynjar Øvstedal og Tore Kleppe som står for.

Det har vore eit spesielt år også for dei idrettsgale. Brynjar Øvstedal og Tore Kleppe snakkar med oss om saknet av å samlast, kjenna på fellesskapet og å kunna gle seg over morosame, idrettsprestasjonar, og kanskje møtast over eit glas i ny og ne for å prata om dei same temaa.

Me inviterte dei likegodt på eit lite pubinterjvu på Lyngheim. Med på kjøpet fekk dei også lov til å konkurrera litt. Sjå innslaget frå klokka 20.00 i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sendinga ser du på nettsidene våre osogfusa.no i dag kl 20. Linken er alt no klar (sjå under)!

Du kan også sjå sendinga via Facebook: https://www.facebook.com/events/492297435077242