I 2008 vart sølv-vinnaren frå OL i Beijing feira på Søfteland skule. Kanskje får Kjersti høve til å gjennta feiringa med gjævare metall rundt halsen.
I 2008 vart sølv-vinnaren frå OL i Beijing feira på Søfteland skule. Kanskje får Kjersti høve til å gjennta feiringa med gjævare metall rundt halsen.

Kan få OL-gullet i julegåve

Denne veka vart det klart at dei dopingtatte kappgjengarane Olga Kaniskina og Mikhail Butov må levera frå seg sine medaljar og pengepremiar frå inntil 10 år tilbake. Dermed kan Kjersti Tysse Plätzer endeleg få sitt fortente OL-gull frå Beijing i 2008.

«Os og Fusaposten» har fleire gonger skrive om sjansen for at kappgjengaren frå Søfteland ein gong med tida vil få sitt fortente gull frå OL i Beijing i 2008. No ser det ut til at det heile blir ein realitet - og det innan ikkje alt for lang tid.

- Eg er positivt overraska over at den russiske friidrettsgeneralen no har bede sine dopingtatte utøvarar om å levera inn sine medaljar. Men om det til slutt endar med at eg får gullet frå OL i Sydney i 2008, føler eg meg ikkje all verda sikker på. Til det har eg opplevd for mykje urett, seier ein forkjøla Kjersty Tysse Plätzer fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Friidrett.no som først melde om saka denne veka. Fredag vart det heile følgd opp av VG, BA, BT og fleire medier i Noreg.

 

Vil feira i Rio

Kjersti ser no at det kan gå mot at rettferd kan skje fyldest. Men av erfaring tek ho tida til hjelp. Noko OL-gull i julepresang er ho tvilsam til.

- Sannheita kjem alltid fram. Ting tek berre litt, eller kva skal eg seia, ein god del tid. Elles må eg seia at eg har mista litt trua på systemet. Dette her hadde aldri kome for ein dag hadde det ikkje vore for godt og iherdig internasjonalt journalist-arbeid. Det er det som har tvunget fakta fram i denne saka, seier den tidlegare kappgjengaren.

Ho er uansett ikkje all verda glad for eventuelt å få eit OL-gull i posten.

- Det ville vore kjipt. Eg skulle hatt han i Beijing. Når det ikkje skjedde, så kan eg kanskje få han i OL i Rio til sommaren. Det er i alle høve det det internasjonale friidrettsforbundet har sag. Dei har sagt at dersom det skal omfordelast medaljar, så skal det skje ved neste OL, altså i Rio 2016. Eg tek gjerne ein tur til Brasil, ler Kjersti.

Dersom Olga Kaniskina må levera frå seg alle sine medaljar på dato ti år tilbake frå då ho vart teken for doping kan Kjersti også venta seg to bronsemedaljar - ein frå EM i 2006 og ein frå VM i 2008. 

Bergensaren Trond Nymar kan håpa på å få sitt VM-gull frå VM i Berlin i 2009.