Heiagjengen til Sverre Lunde Pedersen er på veg til Vikingskipet for å støtta kompisen. Frå venstre Jacob Helland Lassen, Anders Svedsvik Drange, Espen Valvik, Jon Sivert Rykkel og Magnus Engevik. Frå Oslo får dei etter kvart med seg Børge Borgen. (Privat foto)

Klar for å støtta kompisen

Som seg hør og bør når Sverre Lunde Pedersen skal gå meisterskap i Noreg er kompis-gjengen klar. I morgon heiar dei han fram i Vikingskipet.

- Me er ein fast gjeng av gamle skule- og gymnas-kameratar av Sverre som har brukt å få med oss innsatsen hans i dei store meisterskapa han har delteke her heime. No er me klare for allround-VM på Hamar, fortel Adrian Arnesen.

Skal la høyra frå seg

Fredag ettermiddag var kompisgjengen klare for flyavgang på Bergen Lufthavn. I morgon tidleg gjer dei seg klare for ein lang og hard heia-økt på tribunen i Vikingskipet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me brukar å laga til litt heie-effektar alá T-skjorter med innskripsjonar på og liknande. No er det ikkje eg som har vore i "sy-gruppa" denne gong, men eg veit eit par andre har halde på med noko.

- Har de trua på at Sverre kan gjera det bra, då?

- Me har alltid trua på Sverre, og me støttar han i tjukt og tynt, ler Adrian.