Overbeviste: Anders Mol og Christian Sørum spelte sin beste kamp så langt i OL mot nederlenderane Brouwer/Meeuwsen i åttandedelsfinalen søndag.

Klare for kvartfinale i OL

Etter 2–0-sigeren mot Nederland i ettermiddag, er Anders Mol og partnaren hans Christian Sørum klare for kvartfinale i OL.

Sandvolleyballparet møtte den nederlandske duoen Brouwer/Meeuwsen i åttandedelsfinalen søndag.

Mol og Sørum sikra avansement med to strake settsigrar, 21–17 og 21–19.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg deilig. Det var veldig mykje betre spel enn tidligare kampar. Vi er tilbake der vi har vore før, sjølv om det ikkje var perfekt, sa Anders Mol til VG etter at sigeren var sikra.

Alt i kvartfinalen kan nordmennene risikera å møta att paret dei tapte mot i gruppespelet onsdag. Russerane Leshukov/Semenov skal spela åttandedelsfinale mot det chilenske paret Grimalt/Grimalt. Duoen som går sigrande ut av den kampen møter Noreg til kvartfinale onsdag.

Les også
– Vegen vidare vert tøff uansett kven dei møter