Elina H. Skeie, Martine Nagelsen-Balland, Helene Søviknes, Celina E. Døsen, Emilie Turøy,  Maria T. Lekven, Kathrine Li, Tuva Berge & Miriam Heltne.Ikkje til stades på bilete: Maren Sofie Ø. Rondestvedt, Lena S. Wik og Inger Christine Foldrup, samt trenar Morten Døsen.
Elina H. Skeie, Martine Nagelsen-Balland, Helene Søviknes, Celina E. Døsen, Emilie Turøy, Maria T. Lekven, Kathrine Li, Tuva Berge & Miriam Heltne.Ikkje til stades på bilete: Maren Sofie Ø. Rondestvedt, Lena S. Wik og Inger Christine Foldrup, samt trenar Morten Døsen.

Klare for finale i Sør Cup

Etter 3-2-siger over Klepp tysdag føremiddag er Nore Neset jenter klare for finalen i Sør Cup.

Finalen går på Starts heimebane, Sør Arena, i morgon (onsdag) klokka 08.00 og vert direkte overført på Fædrelandsvennen.no.

- Det er stort for jentene dette. I dag var dei totalt overlegne mot Klepp og fortener verkeleg å få spela finale i morgon, seier trenar Morten Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med Sverre Johan Fløysand, Eirik Kvittingen og Kenneth Moland, har han ein heldig hand med den talentfulle jenter-13-gjengen, som samlar spelarar frå Søre Neset, Nore Neset, Øyane, Strøno og Lysekloster.

Alle får spela

Trenar-kvartetten har med seg 17 spelarar på turen. Samtlege får spela i alle kampane.

- Me har delt laget opp i to. Dei spelar kvar si omgang. Ingen topping, alle er med å bidreg, fortel Døsen.

Totalt 20 jenter 13-lag er med i cupen i Kristiansand. Nore Neset har teke seg til finalen etter å ha vunne 3-2 over Bærum Sort i åttandedelsfinalen, 4-1 over Viking i kvartfinalen, og altså 3-2 over Klepp, som dei tapte 2-3 for i gruppespelet, i semifinalen.

Nærmare 30 foreldre og søsken står tidleg opp i morgon for å heia fram laget til siger i finalen på Sør Arena.

Nore Neset møter Staal Jørpeland i finalen.