Erik-Sebastian Krogvig sprang til bronsemedalje i NM i Terrengultra.
Erik-Sebastian Krogvig sprang til bronsemedalje i NM i Terrengultra.

Knuste Frank Løke

Fusingen Erik-Sebastian Krogvik sprang til bronsemedalje i Noregs kanskje tøffaste terrengløp. Han knuste mellom anna handballstjerna Frank Løke med tre timer.

Tevlinga gjekk av stabelen i Hornindal, som ligg på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Deltakarane må igjennom 75 kilometer og 5500 høgdemeter. Her vart Krogvig altså nummer tre, med ei tid på ni og ein halv timer.

Jamnt i toppen

Sjølv etter over ni timar med løping, var det ikkje mykje som skilte dei aller beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg sprang i ei gruppe der vi var fire stykk. Heilt fram til siste stigning var vi tre stykk som låg samla. Først rykte han som blei nummer to, og så rykte eg frå sistemann ned den siste stigninga. Eg var kanskje litt vågal ned dei siste 500 høgdemetra, ler den nybakte bronsevinnaren.

Langt framfor Løke

At Krogvig har gjort ein stor prestasjon, er ikkje til å skyve under ein stol. Ein av dei som måtte se seg slått av fusingen, var handballprofilen Frank Løke, som står med 167 kamper for det norske landslaget. Ikkje berre vart han slått han vart slått med heile tre timar! Løke uttalte tidligare i år til VG at han ønskjer å satse på langløp etter at karrieren er over. Han har allereie fleire langløp på samvitet.

- Det er jo kjekt å slå han, men det blir jo fort litt avstandar i eit løp som dette, seier Krogvig audmjukt.

Mykje trening

For å kunne hevda seg i desse løpa, ligg det mykje trening bak.

- Eg trenar ein blanding av intervall og lange turar. Det er som regel i helgene eg har tid til å ta dei lengste langturane. Då vert det gjerne opp til 50 kilometer, fortel Krogvig.

Fusingen prøver å variere litt på dei lengste turane. Rosendal, Hardanger, Fusa er blant dei nytta løpeområda.

- Eg vil også trekka fram ein tur eg hadde frå Os til Bergen via Gullfjellet. Det var ein veldig fin tur, seier Krogvig.

Til storløp i Frankrike

Dette var den fyrste norgesmeisterskapen til Krogvig, og det fjerde langløpet han sprunge. Framover vert det meir av det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal delta på TDS Chamonix i August. Det er eit av dei tøffaste løpa i verda, så det ser eg fram til, seier Krogvig.

Løpet som startar i Italia og sluttar i Frankrike, er på 119 kilometer og over 7.000 høgdemeter. Det skal blant anna forserast tre fjell som er høgare enn Galdhøpiggen.

Vann sin klasse

Osingen Ole-Håkon Sælen, som spring for Opptur Motbakkeklubb, gjorde det også sterkt i tevlinga. Han vant sin klasse for menn 55-59 år, og kan kalla seg noregsmeister!