Moderat bruk: Fotballanlegga i heile Bjørnafjorden kan igjen nyttast dersom idrettslaga ordnar med vakter.

Kommunen opnar opp for banebruk igjen

Bjørnafjorden kommune opnar for at fotballbanane skal kunna takast i bruk igjen, men dette føreset at idrettslaga stiller med vakter, og at ein held seg til avgrensa bruk.

Det er fleire grunnar til at kommunen slepp opp på dette med heilt stengde fotballbanar. Mest av alt handlar det om at bruk i kontrollerte former er betre enn at ungdomen sjølv tek seg til rette.

– Me ser jo at veldig mange nyttar banane sjølv om dei er stengde, så tanken vår er å gjera dette på ein meir forsvarleg måte. Opna for avgrensa bruk i gitte tidsrom, og då under oppsikt av vakter utnemnde av idrettslaga i kommunen, seier kommunedirektør Christian Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han presiserer at avgjerda er teken i samråd med kommuneoverlegen.

Tysdag ettermiddag gjekk informasjonen ut til dei ni idrettslaga i kommunen som har fotballgrupper og bane/banar.

På Nore Neset mottek dei nyheiten med jubel.

– Jo, me har fleire som har meld seg som banevakter. Dette lovar bra. Eg håper me får det til, seier Martin Eidsvik.

12 på kvar bane

Men sjølv om det no vert ordna med vakthald, så er det likevel ikkje snakk om fri bruk av banen. Maks 12 personar skal kunna spela på banen om gongen.

I praksis skal vaktene i første rekkje sjå til at følgjande reglar vert overhaldne:

• At banen er delt inn i fire sonar.

• At det berre er tre spelar i kvar av desse sonane - altså totalt 12 per bane.

Artikkelen held fram under annonsen.

• At kvar ein spelar er minst éin meter frå kvarandre