Kong Sverre & co tok OL-gull
Først smadra dei Nederland. Deretter slo Kong Sverre og co Sør-Korea og vann OL-gull på lagtempo.
For eit par dagar sidan vart Sverres kompis, Håvard Holmefjord Lorentzen, første bergensar som har teke gull i vinter-OL. Onsdag stod Sverre for ei ny stor bragd då han var med på å ta Noregs første OL-gull i lagtempo.
I lag med Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen gjekk osingen så den blå trikoten heldt på å sprekka – tynte ut dei siste kreftene han hadde – og drog laget sitt inn til eit historisk norsk OL-gull.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokomotivet Sverre
Kommentatorane på TVNorge var ikkje i tvil om kven som "tokka" OL-gullet inn til stasjonen.
– Sverre var lokomotivet. All ære til dei to andre, men Sverre drog det inn, sa dei.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no