Os-stoppar Adrian Valle ser opp til Juventusstjerna Giorgio Chiellini. - Chiellini er ein stilig fyr, og tøff i spelestilen, som meg, seier Valle.
Os-stoppar Adrian Valle ser opp til Juventusstjerna Giorgio Chiellini. - Chiellini er ein stilig fyr, og tøff i spelestilen, som meg, seier Valle.

Kortsankaren Valle

Os´ midtstoppar Adrian Valle toppar kortstatistikken i avdelinga etter halvspelt sesong. - Eg har alltid hatt eit veldig temperament, seier stopparen.

Etter halvspelt sesong, har Valle sanka fem gule og to raude kort. Når sesongen startar opp att i haust, blir det utan Valle på banen. Han sit på tribunen, nok ein gong, grunna karantene.

Kokar i topplokket

Valle har kontroll på talet kort så langt, men at han har fått flest i avdelinga, var han ikkje klar over.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er vel ikkje akkurat overraska, seier han og held fram:

- Det er ikkje nytt at eg får ein del kort, men det har blitt ekstra mange i år. Eg liker ikkje å tapa, seier han.

For det er når Os spelar dårleg, og ingenting fungerer, at det som oftast kokar over for midtstopparen.

Det er tydeleg at Valle har lettare for å koka over på banen, enn når fotografen ber han om å sjå sint og skummel ut. Dette var det skumlaste fjeset han klarte å laga.
Det er tydeleg at Valle har lettare for å koka over på banen, enn når fotografen ber han om å sjå sint og skummel ut. Dette var det skumlaste fjeset han klarte å laga.
Adrian Valle er blitt 20 år gamal. Midtstopparen trivst godt i Os, men han drøymer framleis om å slå gjennom som fotballspelar, og ein dag kunna leva av det.
Adrian Valle er blitt 20 år gamal. Midtstopparen trivst godt i Os, men han drøymer framleis om å slå gjennom som fotballspelar, og ein dag kunna leva av det.

- Du tenkjer altså at laget vil prestera betre om du får raudt kort, og lagkameratane må spela med ti mot elleve?

- Nei.. men det er då eg blir forbanna. Eg håpar at eg blir betre på å kontrollera temperamentet etter kvart som eg blir eldre og meir rutinert, seier Valle.

Klipte ned motspelar

Midtstopparen hugsar, og kan skildra, alle situasjonane som har ført til at dommaren har reagert mot han. I NM-kampen mot rivalen Lysekloster, koka det over for Valle.

- Eg fekk berre gult, men det var ei stygg takling. Eg kom vel inn i knehøgde. Det er mange kjensler i sving når vi speler mot Lysekloster, og i tillegg er det mykje trøkk rundt kampen med mange på tribunen. Det påverka meg nok i den kampen.

Det dummaste han har gjort denne sesongen, er det raude kortet borte mot Vestsiden-Askøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Først snakka eg på meg eit gult kort. Litt seinare var det ein situasjon nede ved cornerflagget. Ein motspelar hadde ballen, og eit par medspelarar hadde kontroll på han, likevel, av ein eller annan grunn, bestemte eg meg for å ta eit 30-40-metersløp bort og klippa han ned. I den kampen var vi dårlege, seier han.

Ikkje eit eksempel til etterfølging

Det andre raude kortet fekk han i heimekampen mot Gneist.

- Det var meir uheldig. Eg var bakarste mann, og litt for seint ute. Eg tok mann og ikkje ball, og fekk raudt kort, seier Valle.

Sjølv om han ler litt av at han toppar kortstatistikken, er det ikkje noko kjekt.

- Eg er klar over at det ikkje er bra at eg får så mange kort. Eg er på ingen måte stolt av det, og eg er ikkje eit eksempel til etterfølging

- Torkel er ei "kokenøtt"

Midtstopper-kollega og kaptein, Torkel Hjertnes, er den Os-spelaren som har fått nest flest kort i år, med tre gule.

- Han går framfor med eit dårleg eksempel, og må ta på seg noko av skulda for mine kort. Når han er ei "kokenøtt", så er det lett for at eg blir det også, seier Valle og ler.

- Torkel er ein fin fyr, og eg trivst med han som midtstoppar-kollega. Eg føler meg trygg ved sida av han, og han er viktig for laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser opp til Chiellini

Torkel er ein spelar som Valle ser opp til. Av dei større fotballstjernene i verden, trekkjer han fram Manchester Citys Vincent Kompany, og Juventus´ Giorgio Chiellini som dei to store forbilda.

- Chiellini er ein stilig fyr, og tøff i spelestilen, som meg, seier Valle.

20-åringen blei omskulert til midtstoppar i fjor. Tidlegare har han spelt overalt på banen. No meiner han å ha funne sin plass, og han håpar at han ein dag verkeleg kan slå gjennom som fotballspelar.

- Draumen er framleis å kunna leva av fotball. Eg hadde litt meir tru då eg var yngre, men det er ikkje for seint. Eg vil jobba for det i nokre år til, og sjå korleis det går. Eg føler i alle fall at vi har eit bra opplegg i Os, og eg trivst godt her enn så lenge, seier Valle.