I sin nye VW Golf, som han "arva" etter søstera Karoline Breivik, kvalifiserte Kristian Breivik Gjøen seg til landsfinalen på Hamar i starten av august.
I sin nye VW Golf, som han "arva" etter søstera Karoline Breivik, kvalifiserte Kristian Breivik Gjøen seg til landsfinalen på Hamar i starten av august.

Køyrde seg til landsfinalen

Ein køyresugen Kristian Breivik Gjøen kvalifiserte seg i helga til landsfinalen i bilcross for junior.

17-åringen fekk æra av å køyra i ein VW Golf som bestefar Håvard Gaassand ein gong hadde tenkt at Kristians søster, Karoline, skulle ha. Og bilen fungerte langt på veg som dei hadde håpa i kvalikrunden på Eikås i Åsane - i alle høve ei stund.

– Kristian køyrde inn til andreplass i dei tre innleiande rundane. Bilen gjekk som eit skot, og Kristian køyrde bra, kommenterer team-leiar Håvard Gaassand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gode køyringa sende osingen til B-finalen. 

– Her var Kristian suveren. Køyrde trygt og godt og vann med komfortabel avstand til bil nummer to, seier Gaassand.

Mista oljetrykket

Med siger i B-finalen vart Kristian kvalifisert for A-finalen. Her starta han i dårlegaste spor, men køyrde seg kjapt opp på ein andreplass. Dessverre for 17-åringen fekk han problem med bilen halvannan runde frå mål.

– Oljetrykket forsvann, ei vifte slutta og virka og motoren vart glovarm. Det var klokt av Kristian å stansa opp. Elles hadde me gått på eit motorhavari, er eg redd, seier bestefar Gaassand.

Men trass i finale-brotet, enda osingen på femteplass i samandraget. Dermed er han kvalifisert for sommarens store happening, landsfinalen på Hamar i starten av august.

Det neste for Kristian Breivik Gjøen er første runde i Vestlandsmeisterskapen i Vikedal laurdag 22. april.

– Då håpar me også å få med oss Karoline (Breivik). Me jobbar på spreng med å få bilen klar. Eg trur me skal rekkja det, seier Gaassand.