Utlikning: Den første av to utlikningar for Lysekloster. Nicholas Marthinussen kriga inn 1—1 i oppgjeret som enda 2—2 på Lysekloster Family Arena måndag.

Kriga seg tilbake to gongar: — Vi er vår eigen største fiende

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik var svært skuffa over korleis laget stod fram mot Sandnes Ulf 2 måndag kveld.

Det var eit heimelag på jakt etter revansje i Lysefjorden måndag. Dei to laga møtte kvarandre så seint som førre laurdag. Då enda det med 4—3 til laget frå Rogaland, etter ei sein skåring.

Før kampen var det mykje snakk att og fram om ikkje bortelaget burde byta til andre drakter, men dei stilte i lyseblått. Med Lysekloster i kvitt, var det ikkje heilt lett å sjå skilnaden. Det blei kommentert til dommaren fleire gongar, og etter ni minutt blei bortelaget beden om å gå og byta på seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette, i tillegg til Håvar Kleppe sin skade, gjorde at det blei lagt til mykje tid.

Bortelaget låg lågt med laget og satsa på overgangar og dødballar. Etter 24 minutt spelt, skulle det løna seg. Innbytar Andreas Uran måtte laga frispark for å hindra ein overgang på høgresida.

Må gå i seg sjølv: Ruben Hetlevik seier at dei ikkje kan tenkja på tabellsituasjonen, og at dei har nok å jobba med sjølv.

Innbytar med frisparkmål

Frisparket trefte pannebrasken til Daniel Braut, som styrte ballen i lengste hjørnet.

Berre fem minutt seinare svara Lysekloster. Toni Takamäki hedda ballen inn framfor mål, og der kriga Nicholas Marthinussen inn utlikninga.

Det skulle koma eit mål til, heilt på tampen av omgangen. Det siste som skjedde var at bortelaget kontra, og Sven Merkesdal kunne spasera inn 2—1 for bortelaget.

Heimelaget trykte på etter kvilen, men fekk det tøft mot eit bortelag som held fram i same stil. Dei tok seg også svært god tid på alt frå innkast til dødballar.

Alexander Dang, som elles ikkje fekk mykje å jobba med i dag, var nærme med eit frisparkforsøk, men keeper redda. Nokre minutt før full tid fekk Lysekloster nok ein gong sjansen på frispark. Det blei meld frå bortelaget at “han skyt med høgre” — då dei nok trudde at det var kaptein Tobias Heltne Alme som skulle skyta.

Men inn frå sida kom innbytar Andreas Uran, som skrudde ballen over muren og inn i nærmaste hjørne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gir vekk poeng

Lysekloster klarte ikkje å skapa dei heilt store sjansane, og kampen ebba ut med 2—2 og poengdeling.

Det likte Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik svært dårleg.

— Eg er svært skuffa over prestasjonen. Vi er alt for lette å kontra på. Vi gav frå oss fire mål mot dei sist. I dag fekk dei to. Det kostar oss poeng å halda på slik. Vi er vår eigen største fiende, seier Hetlevik.

Vidare seier han at han ikkje har problem med å tapa mot betre lag, men at det ikkje har vore tilfelle dei to siste kampane.

— Vi veit at kvaliteten vår er betre enn vi viser i dag. Vi gir vekk poeng, seier han.

— Kva er det som gjer at de slit med å bryta ned motstandaren i dag?

— Vi klarar ikkje å stå høgt og vinna andreballar og pressa dei, og slepp dei for lett til på kontringar, seier Hetlevik.

Ut med skade: Håvar Kleppe hadde det tydeleg vondt etter ein duell. Det skal vera snakk om ein kneskade. Kneet har han slite med før også.

— Vi har nok å jobba med

Brann 2 som toppar tabellen spelte uavgjort mot Fana i dag. Det er ti poeng ned til Lysekloster på fjerdeplass. Brodd vann. Dei ligg på andreplass og har fem poeng meir enn munkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er framleis berre ti poeng, men det kan ikkje vi tenkja for mykje på. Vi må fokusera på oss sjølve og utvikla oss. Vi kan ikkje telja poeng når vi har nok å jobba med sjølve.

Håvar Kleppe måtte ut med ein kneskade, og såg ut til å ha det skikkeleg vondt.

— Han har ei vond kjensle sjølv. Han har slite med kneet tidlegare. Vi veit ikkje kor gale det er, og må ikkje ta sorgene på forskot.