Sverre Lunde Pedersen reknar med at det blir ein full sjekk av kroppen denne veka. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen reknar med at det blir ein full sjekk av kroppen denne veka. (Arkivfoto)

- Kroppen låste seg fullstendig

Sverre Lunde Pedersen kollapsa fullstendig på 10.000-meteren i Heerenveen i går. - Eg var sluttkøyrd med ti rundar att, seier Lunde Pedersen.

Måndag føremiddag låg Lunde Pedersen framleis i senga. Ved godt mot, men forma er ikkje heilt på topp.

- Eit eller anna gale er det, men akkurat kva, veit eg ikkje enno. Kroppen er ikkje som han skal. Det fekk ein eit godt eksempel på i går, seier osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk signal om at noko var gale

Lunde Pedersen fekk ein god start på allround-EM på skeiser i Heerenveen, og låg an til bronse før 10.000-meteren søndag. Slik skulle det ikkje gå. Alt laurdag, etter 1.500 og 5.000-meteren kjende han nemleg kroppen ikkje var heilt som han skulle.

- Eg var tom for energi, men det var ikkje slik at eg var heilt utslått etter laurdagen. Likevel, eg hadde aldri trudd at det skulle gå som det gjorde i går. Ein kan ikkje forutsjå noko slikt, men eg fekk likevel signal om at noko var gale.

Måtte fullføra på eit vis

Heilt frå start av på 10.000-meteren følte osingen at det skulle bli eit tøft løp.

- Eg starta å kjenna det med lang veg til mål. Eg tenkte at eg ikkje kom til å halda farten, sjølv om eg i utgangspunktet ikkje hadde noko høg fart. Det var ikkje slik at eg hadde gått for hardt ut. Då det var ti rundar att, var eg heilt sluttkøyrd. Eg prøvde det eg kunne å halda farten oppe, men det sa fullstendig stopp. Aller helst ønskte eg berre å leggja meg ned, men det kunne eg ikkje. Eg måtte fullføra på eit eller anna vis, seier Lunde Pedersen.

Sa heilt stopp

At kroppen går fullstendig i lås, er ikkje noko kjekk oppleving. Særskilt på skøyter er det kritisk å ikkje ha meir å gje, fortel osingen.

- Ein skal klara å halda balansen på eit millimeters breitt stål. Eg har ikkje joggesko eller ein sykkel å støtta meg til. Det er ikkje noko kjekt. Heldigvis skjer det ikkje ofte slike ting som dette. Vanlegvis klarar eg å halda ein grei figur, men i går sa det heilt stopp.

Valte å ikkje seia noko

At han ikkje følte seg i form undervegs i meisterskapen, valte han å ikkje gjera eit nummer ut av.

- Eg følte at eg ikkje hadde nokre akutte symptom. Eg var varm og hadde litt høg puls. Samstundes gjekk det bra på laurdagen. Eg tenkte at kjente meg slik fordi at eg kanskje var litt ekstra spent i forhold til meisterskapen. Eg var ikkje heilt utslått, og eg tenkte aldri at det kom til å gå som det gjorde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Står truleg over NM på Hamar

Osingen hadde planar om å gå NM på Hamar til helga. Det blir det truleg ikkje noko av no.

- Eg reknar med at det blir ein sjekk på kroppen denne veka. Førebels ligg eg berre i senga, seier Lunde Pedersen og held fram:

- Etter planen er neste internasjonale løpet i Berlin i slutten av månaden. Det er tre veker til, så det er nok av tid til å bli heilt frisk.