Os jenter 15-trenar Trond Budal er stolt over å at Lene Cathrine (t.v.) og Malene skal representera Region Vest under bylagsturneringa i Trondheim.
Os jenter 15-trenar Trond Budal er stolt over å at Lene Cathrine (t.v.) og Malene skal representera Region Vest under bylagsturneringa i Trondheim.

Lene Cathrine og Malene skal spela for Bergen

Lene Cathrine Olsen Sande og Malene Markhus Tysnes er tekne ut til å representera Bergen under bylags-turneringa i Trondheim helga 26.-28. februar.

Dei to Os-spelarane har gått mange rundar for å kvalifisera seg for Region Vest sitt Bergen-lag før turneringa i Trondheim. Trenar Trond Budal er stolt over å ha fått to jenter i den 16-jenters store troppen.

- Det er eigentleg ein prestasjon i seg sjølv berre å koma med. På første samling, ei såkalla soneutviklingssamling, var dei kring 80 spelarar. Sidan har gruppa blitt redusert tre gonger. Først til 25 spelarar, så til 20, og no sist altså til dei 16 som skal representera Bergen, fortel Budal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det var fleire frå laget som han trenar i lag med Kristian Sande som var nær ved å kvalifisera seg.

- Me hadde fem på første samling, så hadde me eit par som fall av no heilt på tampen. Men uansett er me veldig nøgde med at to jenter no er klare for tur med Bergens-laget, smiler Budal.

Skryt av kvarandre

Jentene sjølve er også stolte, men ingen av dei er nøgde med å vera stallfyll.

Lene Cathrine og Malene får lukkehelsingar av HU-spelar Truls Strømme.
Lene Cathrine og Malene får lukkehelsingar av HU-spelar Truls Strømme.
Ein fin bukett handballtalent samla når Os- og Nore Neset-spelarane trenar saman i Oshallen på måndagane.
Ein fin bukett handballtalent samla når Os- og Nore Neset-spelarane trenar saman i Oshallen på måndagane.

- Når me først er med, håpar me sjølvsagt på å få spela så mykje som mogleg. Det er tøff konkurranse om plassane på laget, men med fem kampar framfor oss, må me satsa på at det blir litt tid på parketten, seier dei to.

Medan Malene er keeper og berre har ein konkurrent i troppen, må Lene Cathrine som venstre bakspelar rekna med konkurranse frå langt fleire spelarar.

- Det er nok to-tre som vil ha den plassen. Eg får berre gripa sjansen når eg får han, smiler ho.

- Og det kjem ho til å gjera. Lena Cathrine er sjukt god til å ta vare på sjansar, og dersom ho bommar, så prøvar ho om att og om att til ho lukkast, skryter Malene, og får ein spontan klem frå Lene Cathrine.

- Malene er ein veldig god keeper. Eg trur ho kjem til å stå mykje i desse kampane, kvitterer Lene Cathrine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Budal seier dette om dei to jentene:

- Malene kom hit frå Tysnes for eitt år sidan. Etter dette har ho utvikla seg veldig. Ho er flink til å lesa skot, er reaksjonssterk og veldig dedikert til sporten. Lena Cathrine er veldig iherdig. Ho er ein rask bakspelar med eit ekstremt godt skot. Begge to er komne langt i utviklinga som handballspelarar, skryter trenaren.

 

Godt å vera to

Dei to har rokke å bli gode veninner i løpet av det siste året. Dei er veldig glade for å vera to frå same lag på bylaget.

- Me er flinke til å støtta kvarandre. Det hjelper på, seier dei to.

- Er de nervøse før bylagstreningar og kampar?

- Ja, veldig. Me blir forhåpentligvis van med det, men det hjelper i alle høve godt på å vera to Os-spelarar saman på tur, smiler jentene.

Då «Os og Fusaposten» var oppom treninga i Os-hallen måndag ettermiddag, trena Os-jentene med Nore Neset-jentene. Det gjer dei ein gong i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kallar det allianse-trening, og det å vera saman her er bra for begge laga. Det er ein sterk 2000-generasjon i Os. Dei kjem nok til å spela meir saman i tida framover denne gjengen her, seier trenar Budal.