Totalt 72 utøvarar prøvde seg i meisterskapen. Berre ti fekk stupa i finalen. – Eg satsa på mitt klassiske trick, ein mollberger, fortel Veim Haugland.
Totalt 72 utøvarar prøvde seg i meisterskapen. Berre ti fekk stupa i finalen. – Eg satsa på mitt klassiske trick, ein mollberger, fortel Veim Haugland.

Like utanfor pallplassen

– Eit halvt poeng frå pallplass er surt, vedgår Arne Veim Haugland etter å ha blitt nummer fire i VM i dødsing.

Meisterskapen i Frognerbadet i Oslo blir berre større og større. I år vart dødsingmeisterskapen direktesendt på fjernsyn i fem land. Naturleg nok er konkurransen også blitt tøffare med åra.

– Eg har vore med fem år. Utviklinga har vore stor. I så måte er eg sjølvsagt bra nøgd med å igjen få ei topp-fem-plassering, konstaterer osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Satsa på mollberger

Totalt 72 utøvarar prøvde seg i meisterskapen. Berre ti fekk stupa i finalen.

– Eg satsa på mitt klassiske trick, ein mollberger, fortel Veim Haugland.

Trikset er ein laaang baklengssalto, som sjølvsagt endar i eit klassisk dødsing-nedslag, altså i samankrope rekestilling i det ein når vassflata.

– Eg fekk bra poengsum, men nok ein gong eit halvt poeng frå medalje. Litt surt akkurat det, seier Haugland.

Neste år vil han satsa på noko meir sprøtt.

– Eg har eit tricks eg lurar på å ta. Me får sjå om eg vågar, seier osingen løyndomsfullt.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no