Utøvarane frå Lysekloster gjorde ein flott innsats under Framolekene på Fana stadion i helga.
Utøvarane frå Lysekloster gjorde ein flott innsats under Framolekene på Fana stadion i helga.

Lysekloster med flott innsats i Framolekene

Denne helga gjekk den 25. utgåva av Framolekene av stabelen. Nærare 800 utøvarar var i aksjon, og blant dei var 15 flotte utøvarar frå Lysekloster. I det som må kunna kallast olympiske forhold på Fana Stadion, blei det mange personlege rekordar og mykje flott friidrett.

I 11-årsklassen, som er våre eldste utøvarar, deltok Izabell Eriksen, Sofia Brown og Jennie Bos. Izabell sette ny personleg rekord på 60 meter med tida 9,66 sekund og på 40 meter med 6,88 sekund. Tida på 40 meter heldt til ein flott bronsemedalje. Sofia debuterte på friidrettsstemne og sprang ein flott 60 meter på 10,24 og kasta heile 27,38 meter med liten ball. Resultatet i liten ball var bare éin cm bak bronsemedaljen.

Jennie deltok i mange øvingar og sette ny rekord både i tresteg (7,69 meter), 60 meter hekk (12,25 sekund), lengde (3,40 meter), 60 meter (9,97 sekund – første gong under 10 sekund) og 40 meter (7,15 sekund). Ho fekk med seg ein bronsemedalje i tresteg og 60 meter hekk, og sølv i liten ball.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spenstig og rask

i 10-årsklassen leverte Aksel Natås Sørstrømmen ein flott 40 meter med ny rekord på 7,23 sekund, før han gjekk vidare til høgde kor lista denne gongen stoppa på 1,10 meter. Mika Stakkeland leverte ein flott lengdekonkurranse med ny rekord på 2,45 meter.

Ivrige rekruttar

I rekruttklassen hadde vi med ein skikkeleg flott gjeng, som deltok i 60 meter, lengde og liten ball. Elin Mitsem Samdal, Ingrid Jørgensen Drange, Elise Bos, Kine Eriksen, Ida Tysse, Malene Engelsen, Herman Gjerde Onstad, Haakon Gjerde Onstad og Ludvig Våge Fosså viste alle super innsats.

Maria Bos