Armin Pasagic skåra sitt første Lysekloster-mål i dag.
Armin Pasagic skåra sitt første Lysekloster-mål i dag.

Lysekloster vann, men det gjorde også Brattvåg

Det så mørkt ut då Lysekloster hamna under mot Varegg etter 53 minutt spelt, men munkane snudde kampen, og ligg framleis likt med Brattvåg som vann borte mot Brann 2.

Før kvilen var det lite som skjedde i oppgjeret mellom Varegg og Lysekloster før pause. Ein Lysekloster-supporter fortel at det var stillingskrig, og det som var verd å nemna var at det hadde kome to gule kort. Eitt til kvart av laga.

Men etter kvilen opna oppgjeret seg meir. Heimelaget tok leiinga etter 53 minutt etter ei skåring signert Marius Sivertsen. Samstundes som Varegg skåra, hamna Brattvåg under borte mot Brann 2. Brattvåg og Lysekloster låg likt før denne runden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flott soloprestasjon

Det skulle ikkje gå lang tid før opprykksjagande munker svara. Berre tre minutt seinare plukka Armin Pasagic opp ballen etter at eit skot blei blokkert. Spissen gjorde ingen feil, og skåra dermed sitt første mål for klubben. Lysekloster tok initiativet i kampen og jakta ny skåring. Etter 73 minutt kunne dei endeleg jubla. Etter litt klabb og babb i feltet, fekk Stian Dyngeland ballen på straffemerket og sende bortelaget i leiinga. Eitt minutt før fulltid sette Espen Birkeland punktum med ein flott soloprestasjon. Han gjekk med ballen frå 35 meter, passerte nokre motstandarar, og sklei til slutt ballen i mål. Surt for Lysekloster er det at Brattvåg også klarte å snu kampen mot Brann 2. Dei vann 2-1, og måtte avslutte kampen med ti mann etter at Hugues Wembangomo fekk raudt kort etter 83 minutt spelt.

Status quo

Både Brattvåg og Lysekloster hadde to tøffe borteoppgjer denne runden. Det nærmar seg slutten på årets sesong. Det står mykje på spel både i toppen og i botn av tabellen. Oppgjeret mellom Sotra og Stord hadde avspark klokka 14.00, elles gjekk alle dei andre kampane i avdelinga av stabelen klokka 15.00. Situasjonen er ikkje endra i toppen. Det vil seia at Lysekloster er avhengige av å gjera jobben sjølv, samstundes som Brattvåg må gje frå seg poeng.

Laget som starta: Kjetil Hansen, Sigve Rørstad, Mirza Mujcic, Kasper Hjørngaard, Thorvald Trætteberg, Espen Birkeland, Joakim Helland, Ole Thomas Herrem, Stian Dyngeland, Armin Pasagic og Kristoffer Østervold.

Innbytarar med speletid: Ken Joar Føyen (inn for Herrem etter 82 min.) Denis Ljubovic (inn for Pasagic 89 min.)

Gult kort: Mirza Mujcic (Lysekloster), Sander Pettersen (Varegg), Marius Sivertsen (Varegg).