Osingen Ole-Vidar Skaathun og hans MagnorVinduet har støtta fotballen i Os Turn i årevis. Tysdag vart han og dagleg leiar i fotballgruppa, Endre Brenne, samde om å forlengja det gode samarbeidet.
Osingen Ole-Vidar Skaathun og hans MagnorVinduet har støtta fotballen i Os Turn i årevis. Tysdag vart han og dagleg leiar i fotballgruppa, Endre Brenne, samde om å forlengja det gode samarbeidet.

MagnorVinduet forlengja med Os Turn fotball

Tysdag vart det klart at MagnorVinduet held fram med å støtta Os Turn fotball i tre år til.

- Det er utruleg viktig for oss å få ein slik avtale i boks. Me er svært takksame for Ole-Vidar Skaathun og hans MagnorVinduet si støtte, seier dagleg leiar i fotballgruppa på Kuventræ, Endre Brenne.

MagnorVinduet har vore fotballgruppas største sponsor i ei årrekkje. No utvidar dei også bidraget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ole-Vidar og dei synest det skjer så mykje positivt på Kuventræ om dagen at dei vil bidra med endå meir midlar dei neste åra. Me er svært takksame og håpar bidraget vert lagt merke til av andre store firma i Os, slik at fleire hiv seg på den positive spiralen, seier Brenne.