Mats Cato Moldskred er igjen klar for Os . Etter to år på Gjemselund er 31-åringen klar for å bidra til at Os spelar seg opp i 3. divisjon igjen.
Mats Cato Moldskred er igjen klar for Os . Etter to år på Gjemselund er 31-åringen klar for å bidra til at Os spelar seg opp i 3. divisjon igjen.

Mats Cato returnerer til Os

Mats Cato Moldskred er klar for sin tredje periode for Os. 31-åringen har signert ein treårsavtale.

– Dette har me jobba med i lengre tid. Nær sagt eit halvt år. Bøygen har vore å overtala Mats til å koma heim at her han høyrer til og bidra for moderklubben, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, og held fram litt meir alvorleg.

– Neida, det har jo sjølvsagt handla om å gje Mats eit tilbod han sjølv ville lata seg freista av. Det føler me at me har klart. No har me ordna avtale med Sport Norge og Jan Frode Skeie om at han kan jobba på lageret deira i det gamle Lidl-bygget. I tillegg får han høve til å ta ferdig kursa han manglar for å bli brannmann, seier Brenne

Artikkelen held fram under annonsen.

Innstilt på å satsa

Ifølgje leiaren på Kuventræ er Mats tydeleg på at han ikkje tenkjer på dette som rein nedtrapping.

– Sjølv om han no kjem frå Kongsvinger og 1. divisjonsspel, så tenkjer ikkje Mats på dette som eit tilbakesteg innan fotballen. Han er framleis svolten på å bli betre og visa seg frå si beste side, så han tenkjer å trena like hardt og seriøst som han har gjort tidlegare, seier Brenne.

Hovudpersonen bekreftar dette:

– Eg kjem ikkje heim til Os for å kvila på lauvbæra. Eg skal jobba og stå på og gjera det eg kan for å hjelpa klubben min opp igjen i seriesystemet, seier Mats Cato.

Han vedgår at det var vemodig å seia takk for seg i Kongsvinger, men no gler han seg til å sjå framover.

– Eg hadde to knallfine år i Kongsvinger, men når tilbodet om jobb og spel for heimeklubben kom opp, var det godt å bestemma seg for å venda heim. Eg har vore mykje på «reis». Det blir kjekt å bu heime i Os igjen, seier 31-åringen.

Dagleg leiar Brenne er også stornøgd med signeringa.

– Dette er den beste signeringa me kunne ønskja oss. Mats er ein strålande type, som me gler oss til å få med på Kuventræ. I tillegg til å spela på A-laget, skal han vera med på eit par prosjekt i høve til fotballskular og andre arrangement, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no