Arne Hitland (f.v.), Bjørnar Engelsen og Svein Kollen som er nokre av eldsjelene i Lysekloster Idrettslag.
Arne Hitland (f.v.), Bjørnar Engelsen og Svein Kollen som er nokre av eldsjelene i Lysekloster Idrettslag.

- Me har ikkje noko å skjula

Lysekloster Idrettslag er lei alle rykta om feite spelarlønningar i klubben, og ønskjer å avkrefta myten.

- Kvar einaste køyrekrone vert innberetta. Det er ingen spelarar som får løn. Dei som får køyregodtgjersle, ligg på 1.000 til 5.000 kroner i månaden, ti månader i året, alt etter kor dei bur, seier styreformann Svein Kollen og held fram:

- Fleire av spelarane er vaksne familiefedre, som køyrer fem eller seks gonger til trening og kamp i veka. Det skulle berre mangla at dei fekk dekka kostnadene. Dei som er nysgjerrige, kan gå til kemnaren og sjå sjølv kva summar det er snakk om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skremt av rykta

I vinter signerte Lysekloster blant anna Tommy Gaustad og Espen Birkeland. "På bygda" har det vore snakk om at dei hevar høvesvis 10.000 og 12.000 kroner i månadsløn, utbetalt i køyregodtgjersle. Birkeland er klar over rykta, og er skremt over at folk kan tru noko slikt.

- Det er veldig langt frå røynda. Eg bur i Bergen, og har lang reiseveg, med medfølgjande reiseutgifter. Eg går ikkje mykje i pluss, utan at eg vil seia nøyaktig kor mykje eg får i månaden. Men du kan i alle fall dela summen på tre, om ikkje meir, seier han.

Midtbanestrategen, som kom frå Fana, hadde tilbod frå Åsane i vinter, men valte Lysekloster.

- Det var utelukkande av motivasjonshensyn. Eg ønskte å trappa litt ned, vinna kamper og ha det kjekt. Det var litt tilfeldig at valet fall på Lysekloster, men eg trivst godt, seier han.

- Me prioriterer annleis

Kaptein Baste Jonassen, som bur i Lysefjorden, har også høyrt rykte om kor mykje pengar spelarane i laget får.

- Har du køyregodtgjersle?

- Ja, det har eg. Eg køyrde ofte til Åsane i vinter, då me trena fire og ein halv månad i Vestlandshallen, seier Jonassen og legg til:

- Det er ikkje noko krav at eg må ta ut dei pengane med ein gong. Sei at eg køyrer for 20.000 kroner i løpet av eit år, så kan eg velja å ta ut ein viss sum i månaden. Slik har eg valt å gjera det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster-kapteinen trur ikkje det er så stor forskjell på pengebruken og køyregodtgjersle i dei to 3. divisjonsklubbane i kommunen, Os og Lysekloster.

- Me har kanskje litt meir i køyregodtgjersle, medan dei bruker meir på trenarar og administrasjon kring laget. Me prioriterer berre annleis, seier Jonassen.

Dugnadsgjengen frå 1979

Lysekloster Idrettslag er så godt som gjeldsfri, og eig sjølv heile idrettslanlegget, som er taksert til 40.000.000 kroner. A-laget tronar øvst i si avdeling i 3. divisjon, og trekk til seg spelarar som er attraktive for klubbar på høgare nivå. Ein stor del av nøkkelen til suksessen klubben opplever er dugnadsarbeid, fortel dagleg leiar Bjørnar Engelsen.

- Vår store styrke er dugnadsarbeid. Det er ingen i styre og administrasjon som har fem flate øre i løn. Me betaler våre eigne telefonrekningar og me får ikkje dekt køyring. Me er eit godt team, som har spesialkompetanse på ulike felt. Til dømes så er eg økonom, seier han.

Engelsen var også del av styret tidlegare, og sat i kunstgras-komiteen som sytte for kunstgrasbanen i 1979.

- Store delar av gjengen som jobba på dugnad den gong, er også med den dag i dag. Noko av det første eg tok tak i då eg kom tilbake i 2012, var å laga eit rekneskapssystem for klubben. Me har no kontroll over kvar einaste krone, og samstundes sparer klubben om lag 150.000 kroner i året i rekneskapsbyrå-utgifter, seier han.

Utfyller kvarandre

Kollen tok over som styreformann i 2005. Med åra har klubben fått på plass eit styre som han er godt nøgd med.

- Me har spesialistar på kvart område, som utfyller kvarandre godt, seier Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Engelsen fortel at ein ikkje kan undervurdera jobben Kollen har gjort for klubben.

- Sjølv jobbar eg fleire timar kvar dag, men Svein jobbar om lag fem-seks-timar kvar dag, seier han.

- Det er berre tullprat

I tillegg til rykte om spelarlønningar, har det òg versert rykte om at styreformannen og andre styremedlemmer har spytta inn pengar i klubben frå si eiga lommebok.

- Det er berre tullprat. Ingen har brukt ei krone av eigne pengar, og me har jobba gratis for klubben i alle år, seier han.

- Har de nokre tips til klubbar som ønskjer å få til det de har gjort?

- Stå tidlig opp om morgenen. Ikkje gå heim før du har gjort alt du skal, og ikkje ta betalt for arbeidet du gjer, seier han.

Kollen meiner dei som kritiserer Lysekloster, heller må gå i seg sjølve og sjå på korleis dei bruker pengar.

- Me registrerer at det er mange som snakkar høgt om Lyseklosters pengebruk, men kor mykje betaler dei i administrasjon, til trenarar, osv, i dei klubbane som kritiserer oss? Me hevar som sagt ikkje eit øre i løn. Det er ikkje hjelp i å betala feite lønningar til feile personar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Driftsbudsjett på 2,5 millionar

I 2008 laga klubben ein ti-års-plan for A-laget. Dei skulle rykka direkte opp i 3. divisjon, noko dei gjorde i 2013. Innan 2016 skal dei opp i 2. divisjon, og om økonomien og administrasjonen er på plass, og tillèt det, skal dei vera i OBOS-ligaen i 2019.

Klubben har eit driftsbudsjett på 2,5 millionar i året, men styret ønskjer ikkje å gå ut med konkrete tal, som til dømes kor mykje dei får inn i sponsorinntekter årleg. Samstundes legg dei ikkje skjul på kor viktig Trond Mohn er og har vore for klubben i samband med utbygginga av idrettsanlegget.

- Hadde det ikkje vore for han, så hadde ikkje me sete her og snakka med deg, og klubben hadde aldri vore der han er i dag. Mohn er den store helten for alle i Lysekloster Idrettslag, seier Kollen.

Foruten satsing kring A-laget, vil klubben også setja i gang ein større satsing og bruka ressursar inn mot barne- og ungdomsfotballen neste sesong.

- Me meiner tida er inne for å satsa på barne- og ungdomsfotballen, då organiseringa kring den aldersbestemte fotballen, no er på plass. Me vil difor bruka ressursar inn mot trenarar og så vidare, inn mot neste sesong, seier Kollen.

No håpar styreformannen at det kan bli slutt på rykta og mytane kring klubben.

- Eg får håpa dette er avklarande for ryktemakeriet rundt klubben. Me held ikkje på med noko hokus pokus. Det er kun steinhard jobbing på alle plan, seier Kollen.