Marius Mikkelsen skåra eitt og Stian Lunde putta to borte mot Øystese i dag. Emil Halver skåra også i 4-0-sigerne over Øystese. (Arkiv
Marius Mikkelsen skåra eitt og Stian Lunde putta to borte mot Øystese i dag. Emil Halver skåra også i 4-0-sigerne over Øystese. (Arkiv

Mikkelsen og Lunde fiksa Os-siger

Os stod utan siger på dei tre siste kampane før møte med Øystese i dag. Mål frå Marius Mikkelsen, Stian Lunde og Emil Halver sytte for 4-0-siger, og tre etterlengta poeng i dag.

Eitt 3-1-tap for Vestsiden-Askøy, og uavgjort mot Tertnes og Gneist var fasit før møte med Øystese i dag. Spelemessig var kampen mot Gneist ein opptur for dei gule og svarte, då dei kom tilbake med ti mann og sikra poeng etter å ha kome under 2-0 i førsteomgang.

I følgje rapportane hadde Os full kontroll borte mot Øystese i dag. Heimelaget hadde sin beste periode mot slutten av første omgang, ellers var det einvegskøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marius Mikkelsen gav Os leiinga, før Stian Lunde dobla leiinga fire minutt ut i andre omgang. Emil Halver skåra 3-0-målet, før Lunde skåra sitt andre for dagen på overtid, etter pasning frå innbytar Sander Kvittingen.

Laget som starta: Frode Øvredal, Anders Havsgård, Torkel Hjertnes, Knut Haga, Glenn Krossøy, Torgeir Lunde, Thomas Fosen, Emil Halver, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm og Stian Lunde.