Dommar Ørnulf Jacobsen saman med kapteinane. Os og Nore Neset måtte ha straffesparkkonkurranse for å avgjera kven som var "best i bygda".
Dommar Ørnulf Jacobsen saman med kapteinane. Os og Nore Neset måtte ha straffesparkkonkurranse for å avgjera kven som var "best i bygda".

Nervepirrande lokaloppgjer

Skåring i siste sekund - ekstraomgangar og straffekonkurranse. Skulecup-oppgjeret mellom Os og Nore Neset blei nervepirrande frå start til slutt. (Sjå biletserie og video).

- Me vinner, sa inspektør ved Nore Neset ungdomsskule, Hilde Drange Veglo, rett før kampstart.

Det var nok ein litt spesiell kamp for ho, med tanke på at dottera, Vilde, var kaptein for dei gule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg på trenarbenken hadde Hilde Os-spelar Torkel Hjertnes, som jobbar som assistent på skulen.

- Eg trur det blir jamt i dag. Men eg har utruleg god statistikk i lokaloppgjer. Eg har framleis ikkje tapt, smiler Hjertnes.

Dommar og lagleiar i eitt

Os-spelaren fekk rett. Det var mange flinke fotballspelarar i sving på Kuventræ. Begge laga var solide, særskilt bakover, og det var ikkje mange store målsjanser. Heimelaget tok leiinga i førsteomgang, noko som var fortent ettersom dei hadde skapt det som var av målsjansar. Målet kom på eit hjørnespark som Kine Heggland Sælen heada i mål.

Ørnulf Jacobsen frå Os ungdomsskule var både lagleiar og dommar i dag. Han skal ha skryt for gjennomføringa, då det ikkje gjekk an å sjå at han hadde noko med Os-leiren å gjera. Bort sett frå i pausen då han tok over "pep talken". Med seg på laget hadde han Gry Skarstein som styrte laget frå sidelinja. I pausen hadde dei fullt fokus på å halda oppe trykket, og lata som at dei ikkje leia. Dei frykta nemleg at Nore Neset skulle koma ut i hundre.

Fekk løn for strevet

Etter kvilen blei det ikkje skapt særleg med målsjansar, men nerven i kampen var til å ta å føla på. Kvar duell var viktig. Nore Neset var nesten gjennom mange gonger. men Os-forsvaret anført av Anna Mjånes rydda det som kom. Os fekk også nokre sjansar på overgangar, men dei var litt upresise på siste tredjedel. På overtid fekk Nore Neset løn for strevet, og me fekk nok eit bevis på at det løner seg å stå på til dommaren bles av.

Frida Lyssand vart spelt gjennom og gjorde ingen feil åleine med keeper.

- Det stod att to sekund, seier Jacobsen til Os-leiren.

Mange kjensler i spel

Ekstraomgangene ebba ut i ingenting, og laga gjorde seg klare for straffesparkkonkurranse. Det var tydeleg at Nore Neset leiren var litt ovenpå etter slik kampen utvikla seg. Nokre av spelarane laga grimasar og godta seg litt over at dei hadde utlikna og kome seg til straffesparkkonkurransen. Jentene kjenner kvarandre godt. Dette var ein kamp ingen av dei ønskte å tapa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore Neset kunne jubla

Men ein vinnar måtte kårast. Os bomma på eit straffespark av dei fem første, og Nore Neset kunne avgjera på sitt siste. Avslutninga gjekk i tverrleggjar og over mål.

- Jamnare kamp får du ikkje, seier Jacobsen og smiler.

Dermed var det tid for eitt og eitt straffespark. Då Os bomma på sitt, kunne Nore Neset avgjera. Det gjorde dei, og jentene sleppte jubelen laus (sjå video).

- Det er kjekt å gå vidare, og det betyr nok mykje for jentene å vinna over veninnene. Eg trur neste runde er før jul, men eg er ikkje heilt sikker på tidspunktet, seier Hjertnes

Sjå straffesparkkonkurransen