Meistrar: I helga blei Amalie Haugland og Emil Pedersen Matre noregsmeistrar i junior-NM på skøyter i Tønsberg.

— Nok ein gong kan dei to bjørnafjordingane smykka seg med laurbærkrans

Både Amalie Haugland (18) og Emil Pedersen Matre (18) gjekk heilt til topps i junior-NM i allround på skøyter i helga.

Amalie Haugland vann alle fire distansar. Ho gjekk 500-meter og 1.500-meter laurdag. Søndag gjekk ho 1.000- og 3.000-meter.

Emil Pedersen Matre vann 500-meteren laurdag, og blei nummer to 3.000-meteren. Søndag vann han 1.500-meteren og blei nummer to på 5.000-meteren, der Sigurd Henriksen blei for sterk. Han vann med nesten 20 sekund. Det var dei to som kniva om samanlagtsigeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Samanlagt heldt det akkurat til siger, seier tipsar, Hildegunn Stokke og held fram:

— Nok ein gong kan dei to bjørnafjordingane smykka seg med laurbærkrans.

Amalie Haugland går for Bergen Skøyteklubb. Emil Pedersen Matre går for Fana IL.