Får skryt: – Nore Neset IL har gått føre med både utviklingsprosessar, aktivitetstilbod og andre tiltak som har styrkt klubben, skryter NFF. (Arkivfoto)

Nore Neset IL er kåra til Årets Fair play-klubb i Hordaland

Slik grunngjev NFF Hordaland utmerkinga.

– Basert på klubbens styrke gjennom å driva og leia ut frå verdigrunnlag og korleis klubben har gått føre og vist ansvar i ei krevjande tid, blir de tildelt prisen Årets Fair play-klubb 2020. De har også jobba aktivt for ungdomane i regionen, skriv NFF Hordaland i grunngjevinga.

NFF påpeikar at i år har Fair play utanfor banen, på styrerommet, i garderoben og elles vore ekstra viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nore Neset IL som klubb har gått føre med både utviklingsprosessar, aktivitetstilbod og andre tiltak som har styrkt klubben, skryter forbundet.

Nore Neset IL har også blitt sertifisert som NFF Kvalitetsklubb inneverande år, og «har gjort mykje for lokalmiljøet i eit unntaksår».

– Klubben har vore tydeleg på kor viktig det har vore med aktivitet i eit vanskeleg år, og gjort det han kan for å tilretteleggja for trygg og god aktivitet for alle.

– Ut frå tilstandsrapporten til Nore Neset IL og det fotballkretsen erfarer gjennom kontakt med klubben, er klubben ein verdig vinnar av årets Fair play-klubb.

Det synlege beviset skal delast ut på klubbkonferansen 20. februar på Voss.