Nore Neset jenter 14 feira finalesigeren i B-sluttspelet i Sør Cup onsdag ettermiddag.
Nore Neset jenter 14 feira finalesigeren i B-sluttspelet i Sør Cup onsdag ettermiddag.

Nore Neset jenter 14 vann B-finalen i Sør Cup

Med 2-0 over Sædalen i finalen kunne Nore Neset jenter 14 feira med champagne og heva dei blåkvite flagga i Kristiansand.

Blåtrøyene spelte ein solid kamp mot finalemotstandaren frå Bergen. Ei stund stod kampen å vippa, men etter kvart tilreiv Nore Neset-jentene seg overtaket.

– Første omgang var jamn, men etter kvilen tok me meir og meir over, seier trenar Håkon Straume.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raske angriparar

Fem minutter ut i andre omgang skåra Tiril Søreide Solberg osingane sitt første mål. 1-0 stod seg nokre minutt, før kantspelar Helene Kviteberg Lyssand stakk gjennom, skåra sikkert og fastsette sluttresultatet til 2-0.

– Sædalen prøvde å stå høgt på oss. Me svarte med å slå i bakrom. Der var me god, spesielt ved kjappe Helene K. Lyssand. Ho var kanskje banens beste i denne finalen, skryter trenar Straume.

Han er kjapp med å leggja til at samtlege jenter på laget gjorde sitt til at cupen enda med pokal.

– Dei har vore fantastiske, alle jentene, slår han fast.

Feiring i klubbhuset

Etter å ha jubla frå seg sette Nore Neset-jentene kursen heim mot Os.

– Resten av feiringa får me ta i samband med siste trening før ferien. Me får unna oss litt godis i klubbhuset eller noko, seier trenar Straume.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no