Anders Kinden, Ruben Grindevoll og resten av norenesingane har gjort unna ein god vårsesong i 5. divisjon.
Anders Kinden, Ruben Grindevoll og resten av norenesingane har gjort unna ein god vårsesong i 5. divisjon.

Nore Neset nærast toppen

Våre tre 5. divisjonslag er nær ferdig med vårsesongen. Best går det for Nore Neset.

Dei blåkledde spelte sin tredje siste vårkamp heime mot Laksevåg måndag. Med ein solid 3-0-siger ligg dei no på tredjeplass på tabellen i 5. divisjon avdeling 03, fire poeng bak serieleiar Bremnes.

- Det har vore ein grei vårsesong, men me har ein tendens til å spela svakt mot svakare lag. Me er til dømes det einaste laget i avdelinga som har klart å tapa for botnlaget Rosendal. Det er ikkje noko me kan vera nøgde med, konstaterer stoppar Emilis Zelinskas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste kamp for Nore Neset sitt førstelag er borte mot Halsnøy komande laurdag.

Søfteland heng med

Også Søfteland ser ut til å hengja bra med i si avdeling i 5. divisjon. Måndag slo dei Fyllingsdalen 3 2-1 heime på STILvoll.

Etter ni kampar ligg dei grøne og kvitstripa på femteplass i 5. divisjon avdeling 02. Med sine 15 poeng er dei ni bak serieleiar Djerv.

Søfteland A-lag er i ferd med å gjera unna ein bra vårsesong i 5. divisjon avdeling 02.
Søfteland A-lag er i ferd med å gjera unna ein bra vårsesong i 5. divisjon avdeling 02.

Eikelandsfjorden står det derimot verre til med. Etter ni kampar har dei kapra fattige tre poeng. Dei kom i seriepremieren mot Tornado Bergen.

Søndag tapte dei 5-0 borte for Austevoll. Dermed gjekk dei raudkledde på sitt åttande tap for sesongen, og ligg no på nest siste plass i 5. divisjon avdeling 01.