Anders Skaar, Vegard Hjelle og Steffen Ljosheim var nøgde etter 3-1-sigeren over Høybråten og Stovner IL i 16-delsfinalen. Men i 8-delsfinalen vart det eit braktap for Os 1 mot KFUM-KAM. OSLO 1.
Anders Skaar, Vegard Hjelle og Steffen Ljosheim var nøgde etter 3-1-sigeren over Høybråten og Stovner IL i 16-delsfinalen. Men i 8-delsfinalen vart det eit braktap for Os 1 mot KFUM-KAM. OSLO 1.

Norway Cup er over for dei lokale laga

Både Os junior 1 og 2 tok seg til 8-dels-finale i Norway Cup, men vegen stoppa der.

Os 1 nedkjempa Høybråten og Stovner IL i 16-delsfinalen, og vann 3-1 etter skåringar av Anders Skaar, Vegard Hjelle og Steffen Ljosheim. I 8-delsfinalen venta KFUM-KAM. Oslo 1, som viste seg å vera eit veldig godt fotballag.

- Me tapte for eit lag som var klart betre enn oss. I førsteomgang klarte me til dels å halda følgje, men etter kvilen køyrde dei over oss, seier assistent-trenar for Os 1 Kristian Bødtker, etter 5-0-tapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gutane er skuffa, men det er betre å tapa slik enn på Golden Goal. I tillegg er KFUM ein veldig sportsleg og fin gjeng, noko som gjer at me på eit vis unner dei sigeren, seier Bødtker.

Slik gjekk det med dei andre

Os 2 møtte Fløy i sin 8-delsfinale. Etter 1-1 ved full tid avgjorde Fløy kampen på Golden Goal.

Os 3 rauk ut i 32-delsfinalen mot Aksla etter eit 2-1-tap.

Jentene tok seg til kvartfinalen i B-sluttspelet. Etter uavgjort etter fulltid og ekstraomganger vart det straffesparkkonkurranse. Averøykameratene var kvassast, og tok seg vidare til semifinalen.

Os G16 1 rauk 1-0 mot Sunndal 1 i 16-delsfinalen.

Os 2 tok seg også til A-sluttspelet. Surnadal blei for sterke i 64-delsfinalen og vann 2-1.

Os 3 tapte 4-2 mot Notodden i 64-delsfinalen i B-sluttspelet.

Nore Neset G16 1 og 2 tapte 1-0 for høvesvis Sandar og Sunndal 2 i 64-delsfinalen i B-sluttspelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsfjorden J16 tok seg til A-sluttspelet, men tapte 2-0 mot Sotra SK i 32-delsfinalen.

Eikelandsfjorden G16 1 tapte 2-0 mot Gran i A-sluttspelet, medan andrelaget rauk ut i 64-delsinalen i B-sluttspelet etter eit 2-0-tap mot Tveit IL.