U21-spelar: Ole Martin Kolskogen blir med når U21-landslaget skal møta Portugal og Kviterussland.

Olis vert flytta opp til U21-landslaget

Ole Martin Kolskogen vert flytta frå U19 til U21-landslaget før neste landslagsrunde. Osingen får med seg lagkompis i Brann, Markus Olsen Pettersen.

Det er altså to Brann-spelarar i Leif Gunnar Smerud sin tropp til Noreg sin bortekamp mot Portugal 9. oktober og til heimekampen mot Kviterussland fire dagar etter. Kolskogen vert flytta opp frå U19-landslaget for å erstatta Leo Østigard. Østigard er igjen flytta frå U21-landslaget og opp til A-landslaget.

— Me dreg for å kapra viktige poeng på denne samlinga, ikkje minst med tanke på neste kvalifisering og seeding, der kan kvart poeng og kvar skåring ha betydning, seier landslagsleiar Smerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er mykje bra å byggja vidare på frå sist, og me ser fram mot å samlast og måla krefter mot god motstand igjen. Portugal er sterke i desse aktuelle årgangane, men me modige og spennande spelarar, som skal dra ned dit og jobba som ein samla gjeng for å ta poeng, seier landslagssjef Leif Gunnar Smerud til fotball.no.