Luktar gull: Svært mykje skal til for at ikkje Alexander Dang og Lysekloster snart kan feira opprykket til 2. divisjon.

Om resultat i andre kampar går Lysekloster sin veg, kan klubben spretta champagnen over helga

Sjølv om det skal svært mykje til for at opprykket til 2. divisjon skal ryka, vil ikkje trenar Ruben Hetlevik sleppa jubelen laus.

— Årsaka til at vi ligg der vi ligg på tabellen, er at vi er eit lag som gjer jobben og fullfører. Eg trur at dette er den tiande kampen i år der vi vinn med eitt mål. Vi er innstilte på kjempa for tre poeng i borteoppgjeret mot Skedsmo til helga, seier Hetlevik.

Laurdag tok Lysekloster tre nye poeng då dei vann 2-1 borte mot Gjelleråsen. I teorien kan både Frigg og Os spolera eit opprykk, men i praksis ser det så godt som umogleg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur første “finale” ventar laurdag

Os ligg på tredjeplass 18 poeng bak Lysekloster, med ein kamp mindre spelt. Om Os ikkje tek tre poeng mot Skjetten på Kuventræ søndag, har dei ikkje høve til å ta igjen Lysekloster på tabellen med fem kampar att.

Frigg, som ligg på andreplass, er 16 poeng bak. Dei spelar mot Ullern 2 måndag. Skulle dei gå på eit overraskande tap mot Ullern 2, som kjempar i nedrykksstriden, vil heller ikkje dei kunna stoppa Lysekloster. Altså kan Lysekloster vera seriemeistrar måndag kveld.

— Eg reknar med at Frigg gjer jobben måndag, og at vår første “finale” ventar laurdag mot Skedsmo, seier Hetlevik.

Lysekloster gjorde jobben borte mot Gjelleråsen. Kampen hadde to ulike omgangar, fortel Hetlevik.

— Dei hadde mykje ball, men skapte ikkje stort. Inn mot pause pressa dei på, og fekk seg ei skåring. Etter kvilen stod spelarane opp og vi dominerte. Vi spelte ein veldig god omgang, og skapte store sjansar. I sum ein fortent siger i ein tøff bortekamp, seier Hetlevik.

Svært viktig: Alexander Dang held fram med å bøtta inn mål. Trenar Ruben Hetlevik fortel at Dang ikkje berre er viktig med tanke på å skåra mål. — Alexander går framfor med eit godt eksempel på mange område, seier Hetlevik.

19 skåringar på 11 kampar

Alexander Dang, som gav Lysekloster leiinga etter berre eitt minutt, har verkeleg funne skåringsforma i andre halvdel av sesongen. Han står med 19 skåringar på dei siste 11 kampane.

— Alexander er ikkje berre ein viktig målskårar for oss. Vi visste at han kom med ein målgaranti. Det har han vist i mange klubbar. Han er verkeleg ein stor leiar for oss. Han går framfor med eit godt eksempel på mange område. Ein veldig god fotballspelar og kaptein, som fortener all ros han kan få.