Nye spelarar: Jakob Øvretveit Brakstad og Kim Arne Brakstad.

Os forsterkar laget før sesongstart

To nye spelarar er klare for Kuventræ-laget denne sesongen.

Os har styrkja stallen med to spennande signeringar i vinter. Dei to er Jakob Øvretveit Larsen og Kim Arne Brakstad, Trenar Endre Brenne fortel til Os Fotballs heimesider at han er svært nøgd med troppens nye tilvekstar.

— Jakob kjem frå Bodø/Glimt sitt akademi der han dei siste åra har spelt for andrelaget i Norsk Tipping-ligaen. Han er ein flott type med gode haldningar og god drive. Kim er ein spennande tilvekst. Han er lettbeint, teknisk god og dyktig i små rom. Velkommen til Os, begge to, kommenterer Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brakstad kjem til Os frå Fyllingsdalen.

Måndag signerte Os også midtbanespelaren Karl Omdahl. Han var kaptein for Skeid 2 i 3. divisjon.

– Dette er ein solid spelar med god erfaring og dei rette haldningane. Me gler oss veldig til å sjå han i aksjon for oss denne sesongen, seier Brenne.

Laurdag får Os ein skikkeleg motstandar å bryna seg på når dei møter Post Nord-liga-laget Vard Haugesund i Karmøyhallen.