Lite visste desse deltakarane at all energien dei la ned frå Os, via Gullbotn, Arna og Åsane til Bergen ikkje skulle få noko å seia for samanlagtresultatet i årets Tour des Fjords.
Lite visste desse deltakarane at all energien dei la ned frå Os, via Gullbotn, Arna og Åsane til Bergen ikkje skulle få noko å seia for samanlagtresultatet i årets Tour des Fjords.

Os-Bergen-etappen nøytralisert

Tour des Fjords-etappen som starta i Os sentrum onsdag vert nøytralisert. Årsaka er arrangørtabben i Bergen.

Nøytraliseringa har altså ingenting å gjera med arrangementet i Os. Her i bygda fekk både kommunen og dei frivillige berre skryt. Verre var det då feltet med 24 sykkel-lag nådde Bergen sentrum og skulle avslutta etappen med ein runde i neste års VM-løype.

Kring 15 km frå mål køyrde heile hovudfeltet inn i tunnelen frå Gyldenpris til Gravdal. Der skulle dei ikkje. Etter litt om og men fekk dei snudd og kom seg inn på vegen mot Danmarksplass, men mykje tid var tapt, og heile feltet hadde sprekt opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snudde

Like etter onsdagens ritt stod arrangørane på sitt og beklaga at vegen der hovudfeltet køyrde feil ikkje var sperra av, men slo fast at resultata likevel skulle bli ståande. Etter eit ekstraordinært juryemøte i dag (torsdag) er utfallet eit anna.

Ifølgje Aftenbladet blir no første etappe av Tour des Fjords nøytralisert. Det vil seia at samtlege deltakarar får same tid notert etter første etappe.

I dag held firedagars-rittet fram med ny etappe frå Stord til Odda.