Eat Move Sleep-ambassadørar også i 2020: F.v. Pål Bjerketvedt (generalsekretær i NFF), Solfrid Vernøy, John Ole Johannessen, Elisabeth Nedrelid, Tore Kleppe, Annette Kleppe, Endre Brenne og Håkon Andersen (sponsorsjef i BAMA).

Os Fotball held fram som Eat Move Sleep-ambassadør - éin av 38 klubbar det blir satsa på

Norges Fotballforbund og BAMA satsar vidare på Os Fotball som éin av berre 38 ambassadørklubbar for Eat Move Sleep. Denne helga blei klubben invitert til Ullevaal Stadion for å delta på kick off for ein ny sesong.

– Vi er veldig glade for å ha med Os Fotball på laget i år også. Klubben har i fleire år lagt ned ein stor innsats for å gjera Eat Move Sleep-verdiane til ein naturleg del av kvardagen, og vi gler oss til å følgja Os Fotball vidare i 2020, seier NFFs generalsekretær Pål Bjerketvedt.

Han overrakte klubb-representantane beviset på at dei er valde ut som ambassadørar for nok ein sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge helsestyresmaktene bør folk bevega seg mer, spisa meir frukt og grønt og sova meir. Spesielt ungdom søv mykje mindre enn anbefalt. 10.-klassingar søv i snitt éin time mindre per døgn enn for ti år sidan.

– Dei siste åra har vi gjort fleire positive endringar for å påverka born og ungdom til ein sunnare livsstil. Det er flott å sjå at klubbens medlemer støttar opp om dei gode verdiane i Eat Move Sleep. I 2020 skal vi halda fram med å motivera alle til å gå eller sykla til og frå trening og kampar, vi skal sørgja for at det blir endå fleire sunne alternativ i kioskane, og vi skal jobba vidare med å få dei unge til å praktisera «ingen likes etter leggetid», seier Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball.

Han fortel at fjorårets Eat Move Sleep Cup var ein suksess, og at klubben gler seg stort til å arrangera årets cup 29. og 30. august.

Eat Move Sleep

Eit kunnskap- og inspirasjonskonsept etablert av NFF, BAMA og EAT Foundation

I 2020 skal det gjennomførast:

· 38 Eat Move Sleep fotballcupar over heile landet

· Ca. 55.000 jenter og gutar skal i aksjon

· 6.500 lag

· 25 tonn frukt og grønt

· 27.000 smoothies

· 35.000 fruktbeger