Ladar opp: Showet startar ca klokka 17.00 og på programmet står fleire innslag og intervju med sentrale personar frå Os- og Brann-leiren. Tore Kleppe vert sjølvsagt med.

Os & Fusaposten ordnar oppvarminga til cup-festen frå indre bane

I samarbeid med Os Fotball arrangerer Os & Fusaposten vorspiel til cup-kampen onsdag.

For å nøra oppunder spenninga før andrerunde-kampen mot Brann, inviterer Os & Fusaposten til oppvarmingsshow frå indre bane onsdag. Showet startar ca klokka 17.00. På programmet står fleire innslag og intervju med sentrale personar frå Os- og Brann-leiren. Kampstart er kl 18.

Os tok seg til andre runde i cupen etter å ha slått Obos-liga-laget Åsane 6-5. Brann klarte berre 1-1 mot same lag då dei møttest til seriekamp tidlegare i vår. Det bør gje håp for Bjørnafjordens lokale heltar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
1. runde i NM: Vann høgdramatisk oppgjer mot fyrstedivisjonslaget Åsane
Les også
— No blir det fotballfest. Eg trur me kan trekkja kring 3.000 til denne kampen

Mange linkar mellom laga

Det er mange linkar mellom Os og Brann anno 2022. Éin av dei er osingen Vegard Leikvoll Moberg. Han er per no usikker på om han er skadefri og fit for fight, men har uansett meldt sin ankomst og lova å ta nokre ord med oss før kampen.

Os-ving Sander Dyngeland har ein bror som er førstekeeper for Brann-laget. Kanskje får me svar på kven deira fotballfrelste mormor heiar på denne kvelden.

Les også
Leif Idar Røen (60) var formann under folkefesten på Kuventræ i 2004: — Klart ein kan gjenskapa det
Les også
Desse unge fusingane har rydda plass til ny tribune på Kuventræ

Endre Brenne var dagleg leiar i Os Turn i fleire år medan Hassan El Fakiri var trenar på Kuventræ. Onsdag sit dei på kvar sin trenarbenk. Begge vil fortelja litt om kamp-planen for oppgjeret.

Bergens Tidendes Ballspark-gjeng kjem også. Kommentator Anders Pamer er «rimeleg sikker» på at han sjølv skal til Kuventræ denne dagen, og stikk vonleg innom «studioet».

Ein som heilt sikkert blir å sjå og høyra frå indre bane, er Tore Kleppe.

– Eg skal opp dit alt i halv fem-tida. Me er budd på skikkeleg tøff supporter-motstand den dagen, så me må vera i toppslag for å ta opp kampen på tribunen, slår supportersjefen på Kuventræ fast.

Den uhøgtidlege oppvarminga vert leia av Kenneth Svenningsen og sjølvutnemnd fotballekspert, Anne Marie Aarøen Vangsnes, som har høyrt podkast om Messi og veit kva både offside og soneforsvar er:)

Showet blir også streama på osogfusa.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Posering: Os & Fusaposten-oppvarminga vert leia av Kenneth Svenningsen og sidekick Anne Marie Aarøen Vangsnes, som har lært eitt og anna om korleis fotballfolk skal posera på bilete.