Rafael Villén skåra Os´ einaste mål i kveld, og blei kåra til banens beste.
Rafael Villén skåra Os´ einaste mål i kveld, og blei kåra til banens beste.

Os - Varegg 1-3: - Ikkje godt nok defensivt

Os-spelar Rafael Villén meiner at laget hans sleppte Varegg for lett, og gav bort nokre enkle mål i kveld.

- Første omgang var dårleg av oss. Vi hadde eigentleg kontroll på kampen, men klarte ikkje å skapa stort. Vi mista nokre ballar i midtbaneleddet, og dei fekk store rom, seier Villén, som blei kåra til dagens osing.

God etter pause

Kampen var jamn, men då pausesignalet gjekk stod det 2-0 til Varegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei er effektive og skårar på alle sjansane sine, medan vi ikkje skapar stort, seier Villén.

Etter pause kom Os godt i gang, og skapte sjansar på løpande band dei første minuttane. Marius Mikkelsen hedda ballen i tverrliggar, før Emil Halver skaut utanfor på ein god sjanse minuttet etter. Same mann var på farten kort tid etter, då innlegget hans heldt på å snika seg i mål, men Varegg-keeper Kjetil Hansen fekk avverja.

Os fekk ikkje ballen i mål, men det gjorde eit effektivt bortelag. Med om lag ein halvtime igjen å spela gjekk dei opp i 3-0, og sjansane for poeng såg svært liten ut for Os.

Varegg-keeper Kjetil Hansen var tilbake på gamle trakter i kveld, og gleda seg over sigeren mot gamle klubben.
Varegg-keeper Kjetil Hansen var tilbake på gamle trakter i kveld, og gleda seg over sigeren mot gamle klubben.
Torgeir Lunde og Os hadde nokre sjansar mot slutten av oppgjeret, men Hansen og stolpen stod i vegen.
Torgeir Lunde og Os hadde nokre sjansar mot slutten av oppgjeret, men Hansen og stolpen stod i vegen.

- Fotball kan vera urettferdig

Reduseringa skulle koma med om lag fem minutt igjen å spela. Frisparket frå Knut Haga på venstresida fann Villén framfor mål, som hedda ballen forbi Hansen. Både Torgeir Lunde og Emil Halver hadde sine sjansar på overtid, men Hansen hindra førstnemnde, og stonga stod i vegen for Halver.

- Vi gjer ein god andreomgang, men dei er meir effektiv enn oss. Fotball kan vera urettferdig av og til. Dette er berre ein kamp. Vi må berre fokusera og heva oss til neste kamp, seier Villén.

Gjensyn med tidlegare lagkameratar

Hansen i Varegg-buret har lang fartstid i Os bak seg, og vende i dag attende til Kuventræ med sitt nye lag i kveld. Han meiner at nøkkelen til sigeren var at Varegg følgde kampplanen til punkt og prikke.

- Vi visste at det kom til å bli ein jamn kamp mellom to spelande lag. Det blei litt kok mot slutten. Då trykte dei på, men vi står att med tre poeng, seier Hansen, og legg til:

- Vi følgde kampplanen, og hadde god utteljing på sjansane våre. Det er godt å ha marginane litt med seg, for tidlegare i år har vi skapt mykje, men slitt med å skåra nok mål. Det var kjekt å vera tilbake på Kuventræ, seier han og smiler.