Osingar flyg høgt
To dagar inn i NM i seglfly på Elverum, er det seksdobbelt osisk i toppen.
NM for seglfly utan vatn pågår frå 22. til 27. juni på Starmoen flyplass på Elverum. Os Aero Klubb gjer det så langt knallsterkt.
Fredag morgon toppar Kato Kvitne (1256 poeng) resultatlista med Jon Erik Lygren (1222 poeng) hakk i hæl. På tredje plass ligg Jo Inge Bjørø (1094 poeng). Vidare kjem Kristoffer D. Samuelsen (957 poeng), Sondre Bjørø (877 poeng) og Christer Mjøs (856 poeng) på sjette plass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle dei tre sistnemnde er juniorar på høvesvis 20, 18 og 19 år.
Sju timar i lufta
Kato Kvitne (42) leier så langt konkurransen og var i lufta i heile sju timar torsdag kveld.
- Vi har det utruleg fint i lag på tur. Miljøet er kjempegodt, seier han.
- Men seksdobbelt på resultatlista, er det ikkje folk frå andre stader med i konkurransen?
- Ha-ha, det kan gjerne verka slik. Os Aero Klubb har rett og slett blitt ein leiande klubb innan konkurranseflyging dei siste fem-ti åra. Vi har eit godt ungdomsmiljø og stadig nye kjem til.
- Men kor vert jentene av?
- Dei er absolutt velkomne. Vi set veldig stor pris på dei, seier Kvitne.
Konkurransen
Artikkelen held fram under annonsen.
Men korleis konkurrerer ein eigentleg i seglfly utan vatn?
For det fyrste, utan vatn betyr at det ikkje er fylt vatn i vengene. Det betyr lågare fart, men også at det er lettare å få flyet opp i lufta.
Kvar dag vert det sett opp distanseoppgåver som skal gjennomførast på kortast mogleg tid. Desse er vanlegvis frå 100 til 500 kilometer. Vêret og vêrmeldinga avgjer kor langt ein skal fly.
Piloten bruker ei loggar-eining basert på GPS-signal som fortel om du har gjennomført ruta korrekt eller ikkje. Start og ankomst vert registrert og dermed er farten kjend.
Dersom piloten ikkje kjem rundt og må utelanda, vert det rekna poeng ut frå fra tilbakelagt distanse.
Kjelde: Nomeflyklubb.no