Turen til Russland baud på ulike problem for Torkel Hjertnes, Endre Brenne og Stian Kvåle, men dei kom seg fram til slutt.
Turen til Russland baud på ulike problem for Torkel Hjertnes, Endre Brenne og Stian Kvåle, men dei kom seg fram til slutt.

Osingar i VM: Reiste Europa rundt etter flyplass-rot

Os-gutane Torkel Hjertnes og Stian Kvåle flirte då Endre Brenne sitt namn blei ropt opp på Flesland før avreise. Han måtte koma seg til gate for flyet skulle gå. Lite visste dei to at dei skulle ha vore på det same flyet

– Det var ikkje berre vår feil, seier Torkel Hjertnes, som hadde bestilt billettar med Fin Air saman med Stian Kvåle.

Endre Brenne hadde bestilt sine billettar på eiga hand. Dagen før avreise fekk Hjertnes og Kvåle melding om at flyet skulle gå klokka 11.25. Då dei kom til flyplassen, sjekka dei inn bagasje og handla Tax Free-varer, før dei kjøpte seg noko å eta saman med Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det stod at flyet vårt skulle boarda klokka 11.00. Vi tenkte ikkje meir over det, seier Hjertnes.

Bagasjen blei sendt

Då dei kom fram til skranken og skulle gå om bord, fekk dei beskjed om at dei skulle ha vore på det førre flyet.

– Det var ingen som ropte oss opp. På billetten stod det at vi skulle gå om bord klokka 10.50. Det kunne jo ikkje vera at vi skulle på 11.00-flyet. Dei startar ikkje boarding ti minutt før eit fly skal ta av, seier Kvåle.

Det blei ei lang reise.
Det blei ei lang reise.
Betonggolv er fint å sova på, om ein ikkje har andre alternativ.
Betonggolv er fint å sova på, om ein ikkje har andre alternativ.
Stemninga var god i St. Petersburg. Os-spelarane Alexander Dale og Marius Mikkelsen saman med supporterar frå Mexico.
Stemninga var god i St. Petersburg. Os-spelarane Alexander Dale og Marius Mikkelsen saman med supporterar frå Mexico.
Brenne. Kvåle og Hjertnes fekk med seg to VM-kamper i St. Petersburg, Brasil - Costa Rica og Argentina - Nigeria.
Brenne. Kvåle og Hjertnes fekk med seg to VM-kamper i St. Petersburg, Brasil - Costa Rica og Argentina - Nigeria.

– Vi burde ha sjekka flynummeret. Det kan vi angra på no, seier Hjertnes.

Flyet som gjekk 11.25 var fullt og dei to kom ikkje med. Bagasjen hadde flyselskapet sendt av garde. I handbagasjen til Hjertnes låg kampbillettane til Brasil – Costa Rica og Argentina – Nigeria. Både deira og Endre Brenne sine.

– Dei skal ikkje senda av garde bagasjen til personar som ikkje er med på flyet, seier Hjertnes.

Brenne fekk også problem

Dei to prøvde å finna alternative ruter å koma seg til St. Petersburg. Opphavleg skulle dei ha mellomlanda i Helsinki og venta der i nokre timar, før dei skulle vidare til Russland. Det beste dei fekk til – og måtte ta – var Flesland – Praha – Beograd – Thessaloniki – St. Petersburg. Det kosta dei om lag 7.000 kroner ekstra per mann.

– Vi reiste i om lag eit døgn. Om vi hadde kome med på det flyet vi skulle, ville turen ha teke kring åtte timar inkludert ventinga i Helsinki, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men, det viser seg at rundturen i Europa kan ha vore ei velsigning. Brenne fekk også problem undervegs, og hadde flaks som kom fram til Russland i tide til Brasil-kampen.

– Det var eit problem med flyet i Helsinki. Etter mykje venting blei det klart at det ikkje kunne gå vidare. Det gjekk eit fly seinare, men der var det ikkje plass til alle som skulle ha vore med det opphavlege flyet. Dermed blei det loddtrekking om kven som kom med, seier Hjertnes og held fram:

– Brenne var blant dei heldige. Det var familiar der med kampbillettar som ikkje kom seg fram i tide. Utruleg leit, og det er ikkje sikkert at alle vi tre hadde vore heldige og kome oss med det flyet.

Flott by

Det var berre så vidt at Hjertnes og Kvåle kom seg til stadion i tide til avspark. Ein taxisjåfør, som ikkje snakka engelsk, verka å køyra rundt berre for å få taksameteret til å gå.

– Vi blei sleppt av to kilometer frå stadion. Vi måtte ta buss der ifrå. Vi måtte springa det vi kunne for å nå kampen, seier Hjertnes.

Grunna kø utanfor stadion, gjekk dei glipp av dei første minutta. I Russland møtte dei Os-spelarane Marius Mikkelsen og Alexander Dale. Dei to hadde reist i førevegen, og kom seg fram i tide.

– Nokre av oss var heldige og sleppte å oppleva to propellfly-turar. Eg er ikkje redd for å fly, men dei verka ikkje heilt stabile dei flya. Då var eg ikkje høg i hatten, seier Kvåle.

Reisefølgjet reiste heim til ulike tider. Kvåle og Hjertnes var lengst og fekk ei heil veke i St. Petersburg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein utruleg flott by. Mellom kampane var vi turistar og såg på store palass og museum, fortel Kvåle.

Sjuk oppleving

Oppladinga til Argentina-kampen blei heilt annleis enn det hektiske opplegget før Brasil-kampen.

– Det var mange argentinarar i Russland, og dei lagde eit heilt enormt liv. Det er ei oppleving som ein ikkje kan forklara. Ein må ha vore der for å få inntrykket. Stemninga var noko av det sjukaste eg har vore med på, seier Kvåle.

Hjertnes, som har vore på to VM og to EM-tidlegare, deler inntrykket som Kvåle fekk.

– VM i Brasil var heilt spesielt, men stemninga før og under Argentina-kampen i Russland, var heilt rå. På stadion sat eg mellom Kvåle og Brenne. Dei to kunne ikkje kommunisera under kampen på grunn av lydnivået frå supporterane. Etter kampen hadde vi susing i øyra som om vi hadde vore på konsert. Lidenskapen argentinarane har for fotball er heilt sjuk, seier Hjertnes.

Kroatia er eit av laga som har overraska dei to i positiv forstand så langt. Men dei trur ikkje at Kroatia kan vinna.

– Eg trur det står mellom Brasil og Spania. Eg held ein knapp på Brasil, men det hadde vore kjekt om Argentina tok det – og Messi får seg eit VM-gull, seier Hjertnes.

– Finalen blir mellom Spania og Brasil, trur eg. Brasil tek det til slutt, seier Kvåle.