Revansj: I natt møtte den norske duoen det russiske laget (Ilya Leshukov og Konstantin Semenov) som dei tapte mot i gruppespelet.

Over 250 frammøtte i Strandvik fekk i natt sjå Noreg ta revansj og gå til semifinale i OL

Anders Mol og Christian Sørum er klare for semifinalen i OL i sandvolleyball!

I natt møtte den norske duoen det russiske laget (Ilya Leshukov og Konstantin Semenov) som dei tapte mot i gruppespelet.

Det norske laget fekk ein draumestart med 21-17 i fyrste sett. I andre sett følgde laga kvarandre som skuggar, og Noreg leia på eit tidspunkt 16-14, før russarane snudde til 17-16.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei blokk av Anders Mol utlikna Noreg til 17-17.

Etter ein feil av russarane, som byrja å bli slitne i varmen, gjekk Noreg opp til 19-18, før russarane igjen utlikna til 19-19.

Så. 20-19 til Noreg. Matchball Noreg. Anders Mol med serven. Christian Sørum slår inn den siste ballen. Og Noreg er i semifinalen!

Noreg har aldri hatt eit lag i semifinalen i OL før, og den norske duoen er historisk.

Stemningsfullt i Strandvik: Flotte rammer for «utevisning» av norsk kvartfinale i OL.