Thiet Dang og resten av Osdamene var klart best i sesongopniga mot Skrim.
Thiet Dang og resten av Osdamene var klart best i sesongopniga mot Skrim.

Overlegne i sesongopninga

Os-damene valsa over Skrim i Oshallen i kveld. Bortelaget skåra sitt første spelemål etter om lag 22 minutt!

- Kva synest du om sesongstarten?

- Det der seier vel sitt, seier Os-trenar Trond Førde Eriksen, og peikar mot måltavla.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi var fantastiske i forsvar kampen gjennom. Vi mister litt fokus framover i banen i andreomgang, men dette er absolutt ein godt gjennomført kamp.

20-7 til pause

Kampen var i realiteten tapt for Skrim før han hadde starta. Dei to første måla til bortelaget kom på straffekast. På stillinga 17-2 fann dei endeleg Os-nettet i ope spel. Sjølv om dei reduserte tre gonger på rad, var det aldri noko tvil om at det var heimelaget som skulle stikka av med sigeren. Til pause stod det 20-7 i favør Os. Vel fortent.

Thiet og Madeleine skåra åtte

Os rullerte mykje på laget etter kvart, og fleire unge, lovande spelarar fekk rikeleg med speletid.

Madeleine Hjertnes blei toppskårar saman med Thiet Dang. Dei to skåra åtte mål kvar.
Madeleine Hjertnes blei toppskårar saman med Thiet Dang. Dei to skåra åtte mål kvar.

- Det gror godt i klubben. Det kjem mange spelarar bak desse som er med her i dag. Thiet Dang er blitt ein del av "førstesekseren", og Mia Torp Nielsen bankar på døra, seier Førde Eriksen.

Dang blei delt toppskårar i kampen med åtte mål. Madeleine Hjertnes putta like mange.

Kampen enda til slutt 39-16 til heimelaget.

Neste kamp er heime mot Vikersund 11. september.