Sebastian Holmqvist var tydeleg skuffa då sluttsignalet gjekk. Han var aktiv på venstresida i tapet for Vard, men Lysekloster kom likevel ikkje til mange sjansar.
Sebastian Holmqvist var tydeleg skuffa då sluttsignalet gjekk. Han var aktiv på venstresida i tapet for Vard, men Lysekloster kom likevel ikkje til mange sjansar.

På veg mot 3. divisjon

Lysekloster tapte 1-0 heime for Vard Haugesund i ettermiddag, og kan berre halda seg i 2. divisjon om dei vinn dei to siste kampane, og verken Fana eller Vålerenga 2 vinn ein sine resterande kampar. Vålerenga 2 har i tillegg ein kamp mindre spelt.

- Vi er ikkje kyniske nok og tøffe nok i boksen til Vard. Vi skapar eit stort trykk i andreomgang og står på, men det er ikkje godt nok når vi ikkje får ballen i mål, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

I teorien er det framleis håp for Lysekloster. Sandal fortel at dei kjem til å gjera jobben sjølv om det ikkje ser så lyst ut med tanke på å halda plassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan skje ting som vi ikkje ventar. Då skal ikkje vi dumma oss ut, og mista poeng fordi at det ser mørkt ut no. Vi skal fokusera og gjera vår del av jobben, og reiser til Oslo for å vinna, seier han, og sikter til Frigg-kampen i kommande runde.

Det blei ein lite finspelt kamp mellom Lysekloster og Vard Haugesund. Mange lange baller blei sendt i begge retninger, og det var langt mellom målsjansane.

Lysekloster låg lågt og satsa på overganger, og kom til nokre halvfarlege sjansar, men dei var for upresise på siste tredel av banen.

Etter 32 minutt kom kampens einaste mål. Vard-spelar Andreas Ulland Andersen fekk gå, og gå, og gå, og fyrte til slutt av eit hardt skot som Chris Sunde Midtun fekk fingrane på, men han klarte ikkje å hindra ballen i å gå i mål.

Illsint spiss

I andre omgang opna kampen seg meir opp då Lysekloster jakta mål. Dei sende mange mann i angrep, men klarte ikkje å skapa dei store sjansane til trass for eit stort trykk mot 16-meteren til gjestane.

Dette opna rom for Vard som kom på nokre overganger, men også dei var for upresise i avslutningane.

Lysekloster jobba og jobba, men fekk ikkje uttelling, noko som gjorde at frustrasjonen etter kvart låg utanpå drakten til nokre av spelarane. Ståle Steen Sæthre verka til tider illsint, og ropte ut at alle som ikkje ønskte å vinna kampen berre kunne gå av banen.

Joshua Pritchard, Christer Olsen og Sindre Flaa kom alle inn i andre omgang, utan at dei klarte å prega matchen stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster har slite med skadar heile sesongen, og i dei to avgjerande kampane som ventar er fleire spelarar ute. Både Ola Sjømæling og Thomas Helland fekk gule kort i dag, og må stå over mot Frigg i neste runde. Heile resten av laget som starta i dag, er også i faresonen og må stå over mot Førde om det blir gule kort på dei i neste kamp.

- Vi får Oliver Kirk Larsen attende frå karantene, så vi mister i grunn berre ein spelar til neste kamp. Petrit Zhubi, Sigve Rørstad reknar vi ikkje med kan spela neste kamp. Baste Jonassen er uaktuell grunna skade, seier Sandal.

Laget som starta:

Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Martin Eidsvik, Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland og Sebastian Holmqvist.

Innbytarar med speletid:

Thomas Pritchard, Christer Olsen og Sindre Flaa.