Fredrik Heggland er nøgd med starten i Åsane, og gler seg til tida framover med sine nye lagkameratar.
Fredrik Heggland er nøgd med starten i Åsane, og gler seg til tida framover med sine nye lagkameratar.

Pangstart i Åsane-trøya

Ein dag etter overgangen til Åsane skåra han sitt første mål for klubben. Dagen etter slo Fredrik Heggland og Åsane Sogndal.

Det vart litt av ein pangstart for Fredrik Heggland i sin nye klubb Åsane. Knappe døgnet etter at han bestod den medisinske testen og skreiv kontrakt med oransje-trøyene, putta 21-åringen i sin første kamp for laget.

Turen til Sogn og Fjordane vart på alle måtar ein fin, fresh og ny start for Fredrik Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig kjekt. Eg fekk spela mykje og me vann to kampar, så ja, det var ein fin start på tida som Åsane-spelar, humrar Heggland.

Skåra i debuten

Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde tok ein solid tropp med seg til Sogndal i helga som var. Fredag kveld nytta han nærast to lag i treningskampen mot Florø.

Fredrik Heggland spelte første omgang, og avslutta sine første 45 minutt for 1. divisjonslaget med å setja sitt første mål for klubben.

- Jo, det var artig det. Målet kom etter ein corner. Eg breisida ballen i mål på direkten og sytte for 2-1-leiing til pause, fortel osingen.

Åsane vann kampen 3-1.

- Dette var ein kamp der alle fekk spela. Eg spelte berre dei første 45 minutta, fortel Fredrik.

Kompakte og gode

Åsane-laget spelte begge kampane sine i Sognehallen i Sogndal. Søndag møtte dei eliteserieheltane frå bygda.

- Då starta eg som midtstoppar i lag med Eirik Wollen-Steen. Sogndal fekk ha mykje av spelet, men me låg kompakt saman som lag og vart vanskeleg å trengja gjennom. Det meste gjekk som planlagt, fortel Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart som Sogndal gjekk seg fast, fekk Åsane fleire gode overgangar. Eit par av dei gav teljande resultat. Etter skåringar av Eirik Wollen Steen og Vadim Manzom, vann Åsane 2-0.

Også Simen Lassen fekk speletid mot Sogndal. Sentralmidtbanespelaren frå Os fekk ein halvtime for Maniche.

Neste treningskamp for Åsane, Heggland og Lassen er laurdag 4. mars. Motstandar då er deira gamle lagkameratar i Brann. Kampen går i Vestlandshallen.