Dagleg leiar i Kongsvinger, Espen Nystuen, er godt nøgd med å ha Mats Cato Moldskred i klubben.
Dagleg leiar i Kongsvinger, Espen Nystuen, er godt nøgd med å ha Mats Cato Moldskred i klubben.

Profil på og utanfor banen

- Mats Cato Moldskred er ein profil både på og utanfor banen, seier dagleg leiar i KIL, Espen Nystuen.

Fotballnomaden Mats Cato Moldskred har verkeleg funne seg til rette i skogsbyen på grensa til svenskegrensa. Og både på og utanfor banen får osingen brukt sine beste kunnskapar.

- I laget har me skreddarsydd ei hengjande spissrolle, som han fyller betre og betre for kvar kamp. Dessutan gjer me oss god nytte av hans kvikke kommentarar og guteaktige sjarm på KIL-TV både før og etter kamp, humrar Nystuen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banens beste

Mats Cato kom til Kongsvinger sommaren 2014. Etter overgangen har klubben stort sett surfa på ei gedigen medangsbølgje.

- I 2013 bestemte me oss for å prioritera å driva økonomisk forsvarleg. Då satsa me hardt på ein gjeng med unge gutar. På sikt har det løna seg. I dag har me eit ungt lag med mykje god erfaring, seier Nystuen.

Med ringrevar som Mats Cato Moldskred og Adem Guven har dei raudkledde ei god blanding av ungt pågangsmot og rutine.

No søndag var det gamleguten frå Os som vart kåra til banens beste.

- Me slo KFUM Oslo 2-0 heime på Gjemselund. Det var ein bra kamp, men eg vart sjukt sliten i varmen, ler Mats Cato.

TV-stjerne

Han svara endå meir direkte då han vart spurt om å oppsummera kampen på KIL-TV søndag kveld.

- Det var eit he..te. Det var så varmt at eg gjekk heilt tom etter berre eit par løp, sa Mats til stor latter frå panelet.

- Leiaren vår for sosiale medium inviterer veldig ofte Mats Cato. Han er jo ein god sjarmgut som byr på seg sjølv og snakkar rett i frå levra. Det er sånn me liker her i Kongsvinger, seier Nystuen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er klar på at fotballspelarar skal få vera seg sjølve.

- Det er viktig. Så får me heller tola at han er litt distre og gløymer tid og stad ein gong i mellom, humrar Nystuen.

Fire fulltreffarar

Mats Cato skåra Kongsvinger sitt andre mål i 2-0-sigeren på søndag. På KIL-TV vart osingens mål samanlikna med Geir Frigårds skåring mot Juventus i 1993.

- Det var jo så skrått hald. Korleis klarte du å få ballen i mål, undra programleiaren.

- Eg hadde full kontroll på den, lydde det sjølvsikre svaret frå 30-åringen frå Os.

Kongsvinger ligg no på andreplass på tabellen i OBOS-ligaen. På dei seks første kampane har Mats Cato skåra fire mål.

- I fjor hadde eg 21 mål i cup og serie. Sjølv om me er eit hakk opp frå i fjor, trur eg at eg skal kunna skåra like mange i år, seier Mats Cato.

Han har kontrakt ut sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Blir du verande på Gjemselund?

- Det kan godt tenkjast. Eg trivst veldig godt, og dersom eg held fram med å gjera det bra på banen, vil dei kanskje ha meg her lengre også. Eg får håpa det, avsluttar osingen.