Os-damene satsar på at eit god natts søvn på Hotell Alexandra i Loen vil hjelpa dei til å stilla slagkraftige og godt utkvilte mot Stryn, søndag.
Os-damene satsar på at eit god natts søvn på Hotell Alexandra i Loen vil hjelpa dei til å stilla slagkraftige og godt utkvilte mot Stryn, søndag.

Rauk på ni-målstap i Førde

Os-damene hang bra med mot topplaget Førde laurdag. Dessverre vart dei knallhardt straffa for for dårlege avslutningar.

- Når me tapar heile 27-18 høyrast det gjerne litt rart ut å seia at me gjer ein ok kamp, men det gjer me faktisk. Problemet er at me skårar ikkje på sjansane våre. I staden får me kontringar i fleng i mot, og då vert resultatet som det vert, oppsummerer Os-trenar Trond Førde Eriksen på veg til bussen etter kampen i Førde.

At trenaren har eit mellomnamn som passar i nordre del av Sogn og Fjordane såg altså ikkje ut til å bringa nemneverdig lukke denne gongen. Men trass i tapet ser han ikkje mørkt på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Jentene er veldig skuffa, men eg meiner at me gjorde ein betre kamp enn me gjorde i heimeoppgjeret mot dette laget i haust. Me må berre terpa meir på avslutningar. Få større repertoar og vera meir kald når sjansane byr seg.

- Ser det ut som jentene bind seg?

- Ja, nokon av spelarane våre er unge. Dei stressar nok litt, og så er det jo ein kjip mental greie at når ein først bommar, så vert ein redd for at det skal skje igjen, seier trenaren.

Revansjelysten

Osingane låg berre under med eitt mål til pause, men etter kvilen klarte dei ikkje halde følgje.

- Førde har ikkje all verda til godt lag. Dei er gode, men først og fremst har dei mange jamne spelarar som held bra nivå. I sum blir det tøft å stå imot, seier han.

Laurdag drog trenaren og jentene vidare til Loen. Der skulle dei overnatta på Hotell Alexandra før søndagens kamp mot Stryn.

- Me kjem seint opp, men me skal no nyta ein god middag å ha litt sosial samling før me tek kvelden, seier han.

- Er jentene revansjelystne no?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, dei har veldig lyst på poeng i morgon. Problemet er at Stryn har eit veldig godt lag. Første-7-aren deira er veldig god, men dei har ikkje så mange innbytarar. Me får satsa på å slita dei ut. Me skal i alle høve gjera vårt beste, seier Førde Eriksen.